Drivhuset: Heilt fritt for sjukdom og lus i år

Har ikkje hatt lus på ein einaste chiliplante eller gråskimmel på eit einaste tomatblad, konstaterer eg nøgd mens eg haustar inn chili, paprika, agurk og tomat. Snart på tide å rydda ut or drivhuset, ikkje mange fruktene att på plantene nå.
Tomatane har eg skrive fleire innlegg om, men chili og paprika har eg ikkje fortald om. I år greidde eg faktisk å begrensa meg til bare ein sort chili og ein sort paprika.
Paprika
Paprika “F1 Mohawk” valde eg fordi det var ein lågtveksande sort, noko som passa perfekt til å ha på drivhusbenk og -hyller (sjå foto i toppen av innlegget). Eg prøvde med ulike størrelsar på terrakottapottene, og det gjekk greitt til og med i ganske små potter. Men jo større potter, jo større planter og jo fleire frukter. Men noko stor avling blei det ikkje.
Små og oransje, gode til å eta direkte som snacks. Smak: Ikkje lett å beskriva, men eg tenkjer litt på appelsinmarmelade..
Chili
Eg gjekk for tapaschilien “Padron” fordi desse er så gode å eta heile: Bare å putta dei i omnen i om lag 15 minuttar, ha på litt god olivenolje og litt havsalt, og knaska i veg. Er nemleg ikkje sterke.
Men OBS! 1 av 20 kan vera heit som bare det, men du veit aldri… Så her får du både kos og spenning servert på eitt fat. Nå er fleire av dei i ferd med å skifta til rødt, då er dei fullt mogne. Men skal me gjera som spanjolane, bruk dei mens dei er grøne.

Friske og fine
Null sjukdom, null skadeinsekt både på paprika og chili. Ikkje verst, for begge har lett å få lus. Tomatene har også halde seg friske og fine heile sesongen.
Det er fyrste gongen i mitt drivhusliv at det har skjedd.

Eg trur dette er dei viktigaste grunnane:
- Plantene blei ikkje utskjemde med å stå lenge innandørs. Eg flytta dei ut i drivhuset i april. Heldigvis var april uvanleg varm.
- Eg har lufta, lufta, lufta – både på dagar med sol og regn – både for å passa på at temperaturen ikkje går over 25 grader og at lufta ikkje blir for fuktig. Fuktig luft fører lett til soppsjukdom. Får plantene det for varmt (og tørt), får dei lett lus.
- Eg har vatna jamnleg og passa på at plantene ikkje har blitt for tørre eller for våte. Har hatt flytande biogjødsel i vatnet med mest kvar vatning.
- Eg har passa på å fjerna “tjuvar” og klyppa vekk dei nederste blada pluss blad som skuggar for fruktene.
- Jord: Heimelaga kompostjord tilsett litt fin skjelsand og dekke på toppen av kassane med lauv og gras. Etter kvart som eg har kappa av blad og “tjuvar” frå tomatplantene, har eg klyppa dei opp og stappa under dekket. Dermed har markane, bakteriane og soppsporene i molda fått mat.
Eg trur også dei har likt seg i selskap med basilikum og pelargoniar. Dessutan har nabojenta Nora (4) vore flink til å hjelpa meg å kosta og halda det ryddig og fint:)

13 sortar tomatar dyrka eg i år, tidlegare i sommar rangerte eg dei slik

Har du så mange tomatar i drivhuset at du ikkje veit koss du skal greia å eta dei opp?
Lag tomatsaus eller legg dei ned på glas.
Grøne tomatar som ikkje rekk å bli mogne? Lag chutney.
EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:
- Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
- Trykk på FØLG MEG-knappen.
- Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.
Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.
masse deiølig her,har hatt chili et år,men ikke i år,men jeg planlegger det neste år,skal ha kvit paprika også neste år :=) jeg har hatt drivhus i 6 år,aldrig hatt utøy på noe i drivhuset,jeg har to vindu med selvåpner og i år fiksa jeg et selvvanningsystem i drivhuset,ofte har det vært 40 + der ute,selv med åpen dør og åpne vindu.
Tomatene er oppspist,men har utrolig masse paprika,dei er seine med å modne så det meste blir nok tatt i hus og brukt grønne og noen ettermodner inne :=) jeg har murerbaljen tomatene stod i og sådd spinat nå,dei første frøene har begynt å spire ,blir spennende å se om det blir et vellyket prosjekt for jeg har ikke prøvd det før
Kvit paprika, så spennande! Aldri uttøy på seks år – gratulera!! Lukke til med spinaten! Eg har ikkje sådd spinat så seint som i slutten av februar, men har gått bra å så i august.