Årets graskar: Hurra for Hokkaido!

Årets graskar: Hurra for Hokkaido!

14 graskarfrukter frå to planter, det er sanneleg ikkje verst! Sanneleg er glad for at eg planta Hokkaido-graskar “Uchiki Kuri” også i år. Årets andre sort, “Tom Fox” som ser ut som eit klassisk Halloweengraskar, har så langt bare levert tre oransje graskar. Og av desse planta eg seks!

I tillegg til at “Uchiki Kuri” leverer mange frukter pr. plante, blir det også tidleg ferdig. Også i fjor då eg dyrka ti ulike sortar graskar, vart desse klare fyrst.  Attpåtil er dei svært gode matgraskar. Eitt av dei to beste av fjorårets ti sortar ved sida av “Marina di Chioggia”, betre enn flaskegraskar (Butternut) s.om fekk 3. plassen i kåringa mi.

Sofie fekk ta inn det største “Tom Fox”-graskaret denne veka.

Dessutan tolte det kuldeoverraskinga i slutten av mai betre enn “Tom Fox”: Eg planta nemleg ut fire “Tom Fox” og to “Uchiki Kuri” den 18. mai. Trudde varmen var komen, men så blei det kaldt att. “Tom Fox” låg der på bakken og skalv og hakka tenner, blada blei gule og veksten stoppa opp. Dei kom seg ikkje heilt før det blei kokvarmt i juli. Men då var det for seint, fruktene ville ikkje ha rukke å bli mogne før frosten, så eg fjerna dei for nokre veker sidan. 

Dei to som nå har oransje frukter, er dei to eg venta med å planta ut til den 7. juni.

“Ongane i gadå” har gleda seg til desse, så då eitt av dei forsvann, frykta me resten også ville bli stjålne, så nabojenta Sofie fekk æra av å velja seg eitt sist sundag. “Det skal heita Margaret”, sa Sofie og gav graskaret sitt ein klem.

Alvin og Malene, det siste er dykkar!

Sofie med “Tom Fox” som ho døypte om til “Margaret”. Stolt mor: Marte Bøe som har vore ute på sneglejakt under graskarbladene mang ein kveld.

Eg vil helst ha “Uchiki Kuri”. Dei er så greie – akkurat passe store, det vil seia ikkje større enn det går an å skjera dei i båtar utan å ha motorsag. Og ikkje større enn at du greier å eta opp eit på ein dag eller to når du fyrst har spretta det.

Lagring

Ingen hast!  For graskara kan lagrast innandørs i mange månader.

Når eg tek dei inn, vaskar eg dei og tørkar dei og legg dei i stova framføre eit stort vindu som går frå golv til tak der ettermiddagssola skin inn. Så let eg dei liggja der og “kura” – dvs “baka” i sol/varme til skalet blir skikkeleg hardt og fargen mørknar. Då er eg sikker på at dei er mogne før eg sprettar dei, og dei held seg godt utan å mygla.

Graskar skal altså ikkje puttast i plastposar og leggjast i kjøleskap!

Hadde jo vore fint om dei kunne liggja og baka i sola utandørs, men det er mest pøsregn, vind og rundt ti grader her for tida.

Mørkt oransje, mest litt rødleg, skal dei helst bli, “Uchiki Kuri”.

Når er dei klare?

Når dei får fargen dei skal ha – desse skal bli oransje – og når skalet er skikkeleg hardt. Prøv å skrap på skalet med neglene, graskaret skal kunna tola det utan å få riper. Du kan også banka på det – då skal du helst  høyra ein hul lyd.

Av dei 14 Hokkaidograskara er nå 12 oransje (1 av dei er lite og pjuskete, dei andre er fine, halvparten “store”, resten mellomstore) og to gule.  Godt nøgd med det!   Dei største og mørkaste på fargen har me hausta inn.

Dei som ennå er små og gule, skal derfor få liggja ute lenger. Det same skal eit digert, grønt “Tom Fox”. Tvilsamt at dei kan liggja ute til Halloween. Dalar temperaturen under 5 grader, er det best å ta dei inn, sjølv om eg i fjor tok sjansen på å la eit Butternutgraskar liggja ute ei natt det var bare eit par grader. Det gjekk, for det var bare den kalde natta.

Ligg dine graskar rett på den svarte molda, legg gjerne halm eller ein murstein eller liknande under dei slik at det kjem litt luft mellom bakken og graskaret. Lurt nå på denne våte og kjølege tida. Mine “Uchiki Kuri” har underlag av gras og flis som du ser på bileta.

Gledar meg til bakte graskar, supper, stuingar og graskarmuffins, men må halda meg i skinnet. Så mykje anna godt som må etast nå. Og graskara har bare godt av å liggja i stova og kosa seg.

Graskara har likt seg godt saman med maisplantene.

Vellukka “Amerikabed”

“Tom Fox” har breidd seg ut under epletrea. “Uchiki Kuri” har fått veksa i “Amerikabedet” under maisplantene. Det har gått supert. Maisen er også klar nå.

Begge stader er det godt med sol og djup og næringsrik kompostjord. Graskar treng nemleg mykje næring.

Det er ikkje bare under epletrea eg har vore ute med sigden og kappa av store og stygge blad, det same har eg gjort i “Amerikabedet” både ein og to gonger på seinsommaren. Dette er for at sol, lys og luft skal få sleppa til på graskarfruktene, og at det ikkje skal bli for fuktig og tett og for god gøymeplass for sneglar.

Det er lenge sidan “Uchiki Kuri” tok seg ein tur ut av Amerikabedet. Kvar plante skyt ut fleire lange rankar.

LES OGSÅ:

RYDD I GRASKARJUNGELEN

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

 



4 kommentarar om “Årets graskar: Hurra for Hokkaido!”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: