Så søte, gode maiskolber!

Så søte, gode maiskolber!

Jammen blei det store, gule maiskolber i år også. Kven skulle ha trudd det etter kuldesjokket i mai? Sjøl om årets sort blei bare halvparten så store som fjorårets, var kolbene minst like gode. Koss veit me at dei er klare til å haustast? Dusken på tuppen av kolbene skal ha blitt mørkebrun, mest svart.

Maisen er klar.

Test gjerne ei kolbe eller to før du plukkar mange. I år var det bonusdotter Marte (på biletet i toppen i blå anorakk) og mannen min som fekk vera prøvekaninar.  Alltid spanande å dra av lag på lag med grøne blad som kolbene er “omkapsla” av, og sjå koss kolbene ser ut. Er dei gule og fine? Ligg maiskorna tett i tett på heile kolben, eller er der nakne flekkar? Like godt smaka dei i alle fall, om dei var “perfekte” på utsjånad eller ei.

Nam, nam!

Altså såååå gooodt med nykokte maiskolber med meierismør, peppar og litt salt. Tok 30 minutt i gryta.

Elvis-sveis

Flott sveis på denne,syntes Sofie.

Neste dag var det nabojenta Sofie sin tur. “Denne har Elvis-sveis”, sa Sofie og “friserte” den største maiskolba.  Mamma Marte Bøe kom og var med. Var rundt to store kolber på kvar plante. Vil du ha mykje mat på liten plass, er mais altså ikkje det luraste du kan dyrka, for plantene tek plass og krev godt med næring.

Sofie og mamma Marte plukka og renska mens eg drog opp plantene, kappa dei i bitar og stappa i kompostdunken.

Spenning

Men det er jo så gildt! Både å fylgja dei i veksten/utviklinga frå grasaktige spirer til store planter. Venta på at fyrst hannblomane i toppen skal koma, so hoblomane som ser ut som lysegrøne duskar. Deretter stor spenning: Vil duskane bli til kolbar? Vil dei bli klare i tide?

Slik såg maisplantene ut den 26. mai.

Som vanleg sådde eg maisen i drivhuset i slutten av april og planta ut i midten av mai. I år var det for tidleg. Det blei nemleg så kaldt at dei stakkars plantene blei gule. Nå er det gjort, tenkte eg. Ingen mais i år. Men heldigvis kom dei seg då det blei varmare i juni.

God sort

William var nøgd med fangsten.

“F1 Gucio” heiter årets sort. Den er eg godt nøgd med. Søte, store kolber på planter som ikkje blei så høge at dei bles ned eller brakk.

Blei fine, store kolber på årets sort sjølv om plantene ikkje blei så høge.

Fjorårets sort “Golde Bantam” blei gedigen. Kan jo også koma av at det var mykje varmare i fjor.

Sofie og mora var på veg inn med mais til alle i familien, då kom bror William springande. Han også ville! Han blinka fort ut den største kolba og utstøytte eit skikkeleg “fangstbrøl”.

“Amerikabed”

Sofie studerer maiskolba. Graskaret er “Uciki Kuri”.

Maisen har ikkje fått rå grunnen åleine i det store langbedet i Leikeplasshagen. Det har delt plass med Hokkaido-graskar “Uchiki Kuri” som har krøpe på bakken under maisen og  slyngblomkarse (som har dukka opp av seg sjøl). “Amerika”-bedet kalla med dette. Fremst hadde me fabelaktige solsikker, lengst bak ved granhekken jordskokk som har blitt kjempehøg. Så høg at fleire har blese ned.

I striper langs kanten strødde eg ut nokre rødbetefrø i mai. Har blitt fine rødbeter! I motsetning til  dei eg sådde i drivhuset i mars og planta ut i april. Dei gjekk i stokk.

Jord: Næringsrik jord tilsett mykje kompost. Og: Av maisplantene kan du laga ny kompost.

Av jord er du komen, til jord skal du bli.

MEIR OM MAISDYRKING:

Slik dyrkar me mais i Leikeplasshagen

Maisfest i Leikeplasshagen

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



2 kommentarar om “Så søte, gode maiskolber!”

  • Hvordan passer mais ind i vekstskifte? Har du dem altid med gresskar? Og ville squash fungere like bra? Er blomkarse “bare” pynt eller bidrar den med mere?
    Takk for fin blogg.

    • Hei! Fyrste året eg hadde dei saman med graskar, andre år har dei stått åleine. Har dyrka dei på nye stader kvart år, krev godt med næring.
      Passa godt med Hokkaido-graskar, får ikkje så gedigne blad som ein del større sortar graskar. Har ikkje prøvd med squash, men vil tru det går fint. Blomkarse er bra for å få mangfold av insekt. Har også lese at den er bra for jorda.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: