Har du fått eplene i hus?

Har du fått eplene i hus?

Nei, det er ikkje bare på putta plastposar fulle av våte eple og putta dei i kjøleskapet og tru at dei skal halda seg fine i månadsvis. I alle fall ikkje eple som har ramla ned eller du har slengt i korga med eit dunk.  Her får du mine beste tips om hausting, lagring og bruk. Ei herleg tid: Så masse godt du kan laga med eple!

Kva tid er eplene mogne? Koss veit du når dei er mogne? spør mange.

Kva tid dei er mogne kjem an på sorten. Nokre er mogne tidlege, andre seint. Du bør vita koss eplesortane dine skal sjå ut når dei er mogne.  “Summerred” er klare når dei er bortimot heilt røde, men det går at dei er litt gule/lyst grøne her og der. “Discovery” skal vera aldeles røde trill rundt.

Men det er ikkje så lett å bedømma frå utsjånaden: “Discovery” har sett knallrøde og freistande ut i vekevis, men var ikkje mogne før nå. Beste måten å finna det ut på, er å setja tennene i eit eple og smaka. Pluss sjekka kjernehuset: Mogne eple har brune kjerner, på umogne eple er dei kvite.

“Discovery”, runde, røde og knallgode. Dette vesle treet planta eg hausten 2016.

At dei er lette å plukka, at stilken lett løysnar frå greina, er eit anna teikn på at dei er klare. Eller at dei fell ned. Men det er best å hausta dei før dei hamnar på bakken – då får dei lett dunkskader, blir skitne, får besøk av sneglar.

Det er best å hausta på ein fin soldag slik at eplene er tørre. Då er det bare å sortera før lagring. Men her i vindfulle og våte Stavanger blir det ofte til at haustinga må skje sjølv om treet er vått – som nå i helga. Det gjaldt nemleg om å få dei inn før den sterke vinden som var meldt ville blåsa dei ned. Dermed blei dei hausta litt før dei var heilt mogne, men det går bra. NB! Ikkje sleng eplene i korga, legg dei varleg – som om dei var egg…

“Summerred” og “Discovery” hausta me denne helga.

“Aroma” som mognar seinare, heng ennå på det vesle treet i Leikeplasshagen. Eplene på “Katja” har forsvunne frå treet. Håpar det er ungane i gata som har ete dei opp. Les meir om desse sortane her.

Vasking og tørking: Når eplene er  i hus, er det vasking, tørking og sortering. Eg har eplene i  ei stor skål i vasken under rennande vatn, og flyttar dei så over på eit stort badehandlkle. Klappar dei lett med eit anna handkle. Reine og tørre eple held seg friske og fine lenger enn våte og skitne eple

Epla blir lettare sjuke om dei ligg våte. Tørking må til. Dette er “Summerred”.

Sortering: Viktig! Epler med dunkskader legg eg i ei stor korg. Desse held seg ikkje lenge, altså må dei brukast fyrst. Eplemos kokar eg av desse. Oppskrift her.

Nei, eg skreller ikkje epla før eg kokar mos. Denne mosen er litt rødleg, på grunn av rødt skal. Leik deg med kva krydder du har i. Her har eg kanel, ingefær, bittlitt nellik og stjerneanis.

Dei minste eplene legg eg i ei anna korg. Dei brukar eg når eg juicar. Eg har heile eple i juicaren med kjernehuset.

Sjuke eple – eg meiner skikkeleg sjuke – ikkje normale eple som bare har ein prikk eller ein flekk – kastar eg i bosspannet (biodunken).  I år hadde eg ikkje eitt einaste sjukt eple.

Dei som ser minst mogne ut, legg eg i skåler på kjøkkenbenk og kjøkkenbord, så ettermognar dei der.

Lagring: Dei andre  eplene lagrar eg på to vis:

Så mange eg får plass til, puttar eg i kjøleskapet. (Eg har  to kjøleskap, eit til grønsaker og frukt, eit til anna mat). Dei eg skal bruka dei nærmaste vekene, får liggja i plastposar.  Dei som skal liggja ei stund til, legg eg lagvis i grønsaksskuffene med eit kjøkkenhandklede mellom kvart lag. Grunnen til at eg legg handklede mellom, er at viss eit eple på botnen for eksempel skulle bli dårleg, smittar det ikkje så lett dei andre.

Flesteparten hamnar i kassar i garasjen. Spør i matbutikken din om å få kassar – eplekassar er fint. Be då også om å få det lilla mellomlagspapp-laget. Eg brukar også slike grøne kassar som du ser på biletet. Hugsar ikkje heilt kor eg fekk dei frå.  Også her er det viktig å skilja kvart lag – til dette brukar eg aviser. Heldigvis pleier frosten å koma seint her i Stavanger. Skulle det koma ei tidleg frostnatt eller to, dekkjer eg med gamle dyner. Isporkassar hadde ikkje vore så dumt. Eg set ikkje kassane rett på betonggolvet (er redd det blir kaldt), men stablar dei oppå nokre oppbevaringsboksar av plast som eg har  såutstyr og små potter i.

Bruk nasen og ta ein liten sjekk under neste lag kvar gong du er ute og hentar inn eple. Det gjeld om å fjerna eple som eventuelt blir dårlege så fort som råd.

På denne måten har eg som regel eple heilt fram til jul, sjølv om flesteparten av dei er “Summerred” som jo er sommareple, ikkje vintereple.

Kva eplekake skal eg laga i dag, mon tru? Uansett må eg ha masse epler oppi. (Foto: Margunn Ueland)

Bruk: Så masse godt!

Knask, knask: Eg et masse eple som dei er – andre i familien er også glad i eple.  Utanom det?

Smoothie: Eple passar godt i smoothiar, for eksempel saman med bladgrønt som spinat, svartkål, grønkål, mynte, sitron, kefir eller mandel- eller havremjølk. Eller saman med bær, havregryn, frø og nøtter som i “Energismoothie til tur og trening”.

I salat: I bitar i den grøne salaten eller raspa i råkostsalat saman med raspa gulrot og/eller raspa rødbete.  I waldorfaktig salat med selleristang, nøtter og appelsin. 

Prøv også: Knaskesalat med eple, knutekål, urter og valnøtter

I juice: Går det an å laga god juice utan eple? Her er oppskrift på “Energijuice” med masse eple og grønkål.

I chutney: Kjempegodt, og lur måte å bruka opp grøne tomatar på. Oppskrift her.

Bakte eple: Så godt, så enkelt: Fjern kjernehuset, fyll det med kanel, ein smørklatt, litt brunt sukker/Sukrin/lønnesirup, putt i omnen, la baka til mørt. Eller om du vil det skal gå fortare: Skjer i båtar, omnsbak i ei form med smør, kanel og sukker/Sukrin/lønnesirup. Server med kesam eller piska kremfløyte eller iskrem.

Sunne og usunne kaker: Kaker, muffins, smuldrepai og i favoritten “Margunns epleform til fest og frukost” (sunn).

EPLEKAKEOPPSKRIFTER:

Klassisk eplekake: Marit si saftige eplekake

Svenskfransk terte: Knallgod eplekake med vaniljekrem

Denne er bra om du som eg ikkje likar å stå å røra og piska lenge: Turids eplekake

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

 

 

 

 

 



4 kommentarar om “Har du fått eplene i hus?”

  • vi har et tre,men neimen om eg husker navn på dei epla,men vi har ikke høstet dem,vil ha is i magen en uke iallefall til 5 epler datt ned,dei har eg tatt inn ,blir en eplekake av dem ,ellers fikk vi 8 bærenett med sønnen vår,ennå er dei i plastpose,men skal få tak i pappkasse til dem :=) ,våre bruker å holde akkurat til jul

    • 8 berenett med eple, då har du for ei stund! Her er me også ein del plaga med at fuglar landar i toppen av trea og pikkar på eplene, det var også ein grunn til å ta dei inn nå

  • Så nøye og fint du har skrevet om høsting og oppbevaring av epler. Mange fine oppskrifter også. Takk for det.
    Vi bor i mitt barndomshjem hvor mine foreldre hadde epler for salg,. Mesteparten av epletrærne står her ennå, så vi høster i gamle kasser, 50 kg i hver kasse. vasking og sortering blir det ikke Sorterer etter sort og bare de som er plukket fra tre kommer i kasser.
    Jeg tørker også en del epler. Ut med kjernehus og skjærer eplet i skiver med en kutter. Det er veldig populært blant de yngre i familien.
    Hilsen fra Turid

    • Takk for hyggeleg kommentar! Godt du syntes det var ok. Er bare slik eg gjer det og det har funka bra. Høyrest ut som om de har massevis! Tørka eple er kjempegodt! Eg prøvde det for nokre år sidan, då lånte eg ein kuttar. Hugsar ikkje kor lenge eg hadde dei i omnen og kor lenge. Koss gjer du det? Går ikkje an å setja omnsdøra på gløtt dessverre med den omnen eg har nå.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: