Mi beste squashkake med eplemos

Mi beste squashkake med eplemos

Denne er farleg god. Måtte jo bli det med saftig squash og eplemos oppi.  Saftig og søt.  Med haustleg smak av nøtter og varmande krydder. Perfekt til ettermiddagsteen!

Nå ja, – greidde ikkje å la vera. Åt nokre stykke til kvelds også. Og til frukost! Bør visst venta ei god stund før eg bakar ei ny.. Og eg som er ingen kakemons! Men eg måtte jo bruka all squashen og eplemos har eg kokt store gryter av.

HER ER OPPSKRIFTA:

Ingrediensar:

  • 2,5 dl bakeblanding spelt
  • 2,5 dl sammalt havremjøl
  • 2,5 dl sikta kveitemjøl
  • 3 ts malt kanel
  • 1 ts malt muskattnøtt
  • 1 ts natron
  • 3 ts bakepulver
  • 1/2 ts salt
  • 2,5 dl lyst rørsukker (Neste gong vil eg prøva med 2 dl)
  • 3 egg
  • 150 gram meierismør
  • 1,3 dl eplemos. Har du ikkje eplemos, bruk 1 dl raspolje til baking eller dobbelt så mykje smør.
  • 3 ts vanilljeekstrakt
  • 1 squash,  nok til 5 dl grovraspa og skvisa squash (sjå framgangsmåte). Eg brukte gul squash, men det går også fint med grøne.
  • 2.5 dl hakka valnøtter (Hasselnøtter er sikkert også godt)
Saftig!
Ha raspa squash og nøtter i til slutt.

Framgangsmåte:

  1. Rasp squashen. Min var sjøldyrka og nyplukka, så eg skrelling var ikkje nødvendig.
  2. Bland mjøl med sukker og krydder.
  3. Smelt smør, avkjøl litt.
  4. Pisk egg og sukker og vaniljeekstrakt.
  5. Rør smør og eplemos inn i eggdosisen.
  6. Rør varmsamt inn mjølblandinga.
  7. Skvis vatn av den raspa squashen og stapp i målekopp/litermål til du har 5 dl, ha i røra og bland.
  8. Bland inn nøtter.
  9. Smør to brødformer og ha røra oppi.
  10. Steik i omnen på 165 grader i om lag 50 minutt.
  11. La kakene avkjøla i formene til dei er lunkne.
  12. Ta dei ut og forsyn deg!
Blei nok til to formkaker bakt i brødformer. Den gule stauden i bakgrunnen er gjerdesolhatt. Hmm, hadde gjerne vore godt med hakka squashblomar oppi?

Kakene held seg saftige og gode i kjøleskap i fleire dagar. Kan også frysast.

Herligheden, nå fekk eg lyst på endå eit stykke!

Fleire squashkaker

I fjor eksperimenterte eg med ulike måtar å laga squashkake på, men denne med eplemos synes eg smakar best.

I tilfelle du vil prøva squashkakene eg laga i fjor, får du oppskriftene her:

SUNNARE SQUASHKAKE UTAN SUKKER OG KVEITEMJØL, VEGANSK TIL OG MED

NÅR DU HAR MASSE SQUASH-1: BAK KAKE!

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



6 kommentarar om “Mi beste squashkake med eplemos”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: