Fransk squashform med urter og bønner

Fransk squashform med urter og bønner

Eg hadde invitert to sprudlande hagedamer til kveldstreff. Planen var å servera “Min beste lasagne”, men dagen blei travlare enn eg hadde tenkt, så det rakk eg ikkje. Kva skulle eg  då finna på? Måtte bli noko frå kjøkkehagen. Flotte squash var klare til å plukkast. I drivhuset dingla digre bifftomatar.  Urtepottene sto på rekke og rad på terrassen.  På kjøkkenet låg tørka løk og kvitløk. Bønner har eg alltid i skapet.  Paprika og ost i kjøleskapet. Jopp, skulle  nok få til noko godt av dette.

Forma slo an den, damene forsynte seg meir enn ei gong. Me prata og prata, lo og kosa oss.

Det blei meir enn nok til tre personar. Hadde nok fint metta minst fire. Det er forresten få kaloriar i denne retten – dei fleste er i osten på toppen og i olivenoljen. Grønsaker, urter og bønner inneheld nyttige næringsstoff, men svært få kaloriar.

Her er oppskrifta:

Ingrediensar:

  • 3 ss olivenolje
  • 2 store eller 4 små løk
  • 3 kvitløkfedd
  • 2 store squash pluss 1/2 squash
  • 2 røde paprika
  • 8 bifftomatar – tilsvarar vel 2-3 boksar hermetiske, hakka tomatar som du også godt kan bruka
  • 1 ss tomatpuré
  • 1 ts paprikapulver
  • 2  øskjer kvite bønner  (Går også fint med Bønnemix eller boksar med tomatbønner)
  • 1 ts grønsaksbuljongpulver
  • 1 liten mild chili, ta ut frøa
  • 1 laurbærblad (om du har)
  • Krydderurter: Bruk det du har og kor mykje du likar: Eg hadde ferske urter og brukte vel to handfullar bladpersille, litt mindre timian, oregano og salvie og ein stilk estragon. (Du kan sjølsagt også bruka tørka urter. For eksempel 1 ts oregano og 3 ts timian.
  • Nok Jarlsbergost til å ha på toppen av forma.

Framgangsmåte:

  1. Skrell og hakk løk og kvitløk.
  2. Skjer  to squash (spar ein halv squash) paprika og bifftomatar i bitar.
  3. Fres løk og kvitløk på middels til svak varme i gryte med olivenolje.
  4. Ha i squash og steik litt til squashen får litt farge, men skal ikkje bli brun.
  5. Ha i resten av ingrediensane bortsett frå bønnene.
  6. Kok i cirka 30 minutt på middels til svak varme, skal småputra. Sjekk om det trengs å spe med litt vatn.
  7. Før du tek i bønnene, tømer du ut vatnet dei ligg i, og skyler dei av i eit dørslag. Brukar du tomatbønner, heller eg faktisk ut litt av sausen for at stuinga ikkje skal bli for tynn. Dessutan synes eg sausen er litt vel salt.
  8. Kok i cirka 10 minutt til.
  9. Smak til med peppar, og eit bittelite dryss sukker (!) og kanskje meir urter? Ein klunk olivenolje?
  10. Ha røra over i ei eldfast form.
  11. Skjer ci 1/2 squash i tynne skiver, som du deler i to. Legg desse som “takstein” på toppen av forma. Om du vil, kan du bruka 1 baguett i skiver i staden for squash.  Pensla med olivenolje. Då blir det meir “fransk”, men mindre sunt.. (sjå foto nedføre)
  12. Dryss gjerne over med meir urter.
  13. Riv ost eller skjer skiver med ostehøvelen og ha på toppen av forma til slutt slik at alt blir dekka.
  14. Steik i omnen på 180 grader til squashskivene blir mjuke/eller baguettskivene sprø og osten smelta.
Eg dekka forma med squashskiver. I Frankrike hadde dei nok brukt baguette i skiver.

Noko grønt må me alltid ha, så server gjerne med ein grøn salat.

Eller: Har du masse svartkål eller grønkål i hagen, kan du finhakka nokre blad og ha det i squashrøra dei siste 10-15 minuttane.

Nyttige tips om squashdyrking

GODE SORTAR: I fjor kåra eg “Goldy” som den beste sorten. Eg er like nøgd med årets gule “Athena Polka” (når det gjeld smak) og med den lysegrøne “Costates Romanesco” (både smak og produktivitet).  Begge ser du på biletet i toppen av dette blogginnlegget.

Mitt viktigaste squashdyrketråd: Ikkje så og plant ut for tidleg! Les her: ÅRETS SQUASHLÆRDOM og INGEN HAST MED SQUASH

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

 

 

 

 

 



4 kommentarar om “Fransk squashform med urter og bønner”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: