Omelett med squash og sommarblomar

Omelett med squash og sommarblomar

Såg ikkje denne god ut? Oransje, gule og røde sommarblomar og eit dryss persille og grønkål set farge på denne omeletten med fersk squash. Kjempegodt når du treng eit kjapt, men mettande måltid.

Kvar morgon og kveld eg har vore ute på sneglerunden, oppdagar eg nye squash, både gule og grøne. Så mykje betre enn dei meir bitre med hardt skal som ligg i butikkhyllene. Nyplukka squash har mjukt skal, og det er ikkje bare dei knøttsmå som er gode å eta rå, til og med dei store er gode. Men det skal nå mykje til at eg gnavlar i meg digre eksemplar.

Her om dagen fekk eg besøk av min ven Øyvind og Lolo frå Hong Kong. Om eg trong hjelp til noko i kjøkkenhagen? Jo, eg trong treflis til å blanda i komposten, for nå er der mykje grønt avfall. Eg hadde sett ein haug med halvt nebroten flis ein stad, men dette ville vera i tyngste laget å dytta på ei full trillebår så pass langt. Men Øyvind vegra seg ikkje for ei gratis treningsøkt.

Mat måtte me jo ha etter arbeidet. Der var skrint i kjøleskap og skap, lenge sidan eg hadde vore i butikken. Men brød hadde eg, litt smør og ein pakke egg. Og squash! Og tomat og agurk som eg hadde plukka inn frå drivhuset tidlegare på dagen.  Me var jysla svoltne, det måtte gå fort.

Dermed steikte eg ein squashsnabb i smør med litt salt og peppar mens Lolo rørte saman egg, salt og peppar.

Øyvind blei sendt ut for å klyppa litt grønt. Eg tenkte på urter og salat. Han kom inn med bladpersille, bittelitt krusete grønkål og ein neve oransje ringblom og gul, rød og oransje blomkarse som han hakka opp.

Ringblomar likar eg å ha i kjøkkenhagen.

Vakrare omelett har eg ikkje sett! Både lukta og smakte herleg.

Treng du oppskrift?

Ingrediensar: 

  • 2 ss meierismør
  • 1/4 stor squash eller ein 1/2 stor i tynne skiver, nok til å omtrent dekka botnen av steikepanna. Eg brukte halvparten gul squash og halvparten lysegrøn. Bruk det du har/får tak i. Ikkje skrell squashen med mindre skalet er veldig seigt og bittert.
  • 2 ss hakka bladpersille
  • 2 ss hakka grønkål (viss du har)
  • 1 handfull hakka ringblomar og blomkarse
  • 6 egg
  • 6 ss vatn eller fløte eller H-mjølk eller dropp det og bare bruk egg, kjem an på kor gul du vil ha omeletten
  • Salt, peppar
Blomkarse. Har sådd seg sjøl frå frø som blei liggjande att ute i fjor haust.

Framgangsmåte:

  1. Skjer squash i tynne skiver . Er squashen stor, del gjerne kvar  skive i to.
  2. Varm steikepanna og ha i 1 ss smør og steik squashen eit par minutt på middels til svak varme.
  3. I mens lettpiskar du egga saman med salt, peppar og evt. væske (vatn/fløyte/mjølk eller ingenting).
  4. Hell den steikte squashen over på ein tallerken.
  5. Ha ein ny klatt smør i panna og la det bli lyst brunt.
  6. Hell i egga/omelettrøra som fort tek til å stivna i den  varme  panna.
  7. Løft med ei steikespade i den stivna røra slik at rennande røre kan renna ned. Fortset slik til mest all røre stivnar. Skal vera litt kremaktig på toppen.
  8. Ha så på den steikte squashen og dryss over finhakka grønt og blomar.

Sidan denne omeletten blei så vakker, synes eg den fortente å bli servert som ein open omelett.

Den klassiske måten å gjera det på, er å legga fyllet på den eine halvdelen av omeletten og så bretta den andre halvdelen over.

Server med godt brød og meierismør, tomat (lag gjerne tomatsalat),  agurk og salatblad.

Alltid mat å få når ein har kjøkkenhage og drivhus.

Fjern stygge blad

På denne tida kjem det lett mjøldogg (kvitt belegg) på squashbladene. Desse bladene klypper eg vekk.  Eg fjernar også gamle, stygge blad og andre blad som ligg i vegen for at det vesle me har av sol  mellom regnbygene skal få sleppa til på blomar og sjølve squashfruktene. Då blir det også lettare å sjå når dei er klare til å plukkast, og eg oppdaga sneglar lettare.

MEIR OM Å DYRKA SQUASH: ÅRETS SQUASHLÆRDOM

OM ÅRETS TI NYE SORTAR BLOMKARSE OG DEI GODE, GAMLE

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

 

 

 

 

 

 



2 kommentarar om “Omelett med squash og sommarblomar”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: