Eplemos til alt

Eplemos til alt

Eg har kokt ei diger gryte eplemos, og nå skal eg koka ei til. Så godt! På rista brødskiver. I ei skål med havregryn, nøtter og mjølk. Som dessert med vaniljekesam. I bakverk. Ein super måte å bruka nedfallseplene på eller andre eple som ikkje er så “fine”.

Eplene i hagen min og i Leikeplassen er ikkje mogne ennå, men det nærmar seg…. Trea står fulle. Då eg kom heim frå trening her ein kveld, stod der to posar med eple på trappa. Det viste seg det var min ven Øyvind som hadde henta epler frå ein hage der ingen bur. Nå låg der masse eple på bakken.

Rødgulgrøne epler, gode på smak, kva sort veit eg ikkje. Eplene blei sorterte og vaska, så var det fram med ei stor gryte og eplekuttaren. Etter ein times tid hadde eg litervis med deileg eplemos.

Går fort å dela opp eplene med ein eplekuttar.

Ingrediensar:

  • 3 kilo heile eple
  • 3 ts kanel
  • 1 ts kardemomme
  • 1 ts malt ingefær
  • Om lag 2 dl brunt rørsukker. Erstatt gjerne halvparten av sukkeret med Sukrin. Sukkermengda kjem an på koss eplene smakar : Er dei søte og godt mogne, kan du bruka mindre. Er dei litt sure og ikkje heilt mogne, går det med meir. Det kjem sjølsagt også an på koss du likar mosen. Bruk heller for lite eller for mykje, så kan du smaka til slutt og ha i litt ekstra om du synes det trengs.
  • 2 dl vatn
Der var gryta full!

Framgangsmåte:

  1. Del epla i båtar med ein eplekuttar og kast kjernehuset. Ikkje skrell eplene, der sit mykje av dei viktige næringsstoffa. Men skjer vekk det som er “dårleg”.
  2. Dryss over krydder og sukker.
  3. Hell på vatn.
  4. La småkoka til epla blir møre. Rør innimellom, slik at ikkje bare dei nederste blir til mos.
  5. Smak, og kjenn etter om du vil ha meir krydder og/eller sukker.
  6. Ta gryta av komfyren og bruk stavmiksaren til å mosa alt. Ein potetstappar greier ikkje å mosa epleskal, derfor best med stavmiksar.
  7. Fyll mosen enten på godt reingjorte glas (kok dei helst i ei stor gryte vatn) eller ha dei i frysebeger. Det går nemleg fint å frysa eplemos.
Luktar like godt som det smakar. Fotgrafert etter ein runde med stavmiksaren.

Av 3 kilo eple blei det 28 deciliter mos. Eg hadde bare to små syltetøyglas, resten var fulle med sylteagurk og  “tomat a la Camilla”. To glas til brød og havregryn måtte då vera nok, tenkte eg, og sette frysebegera i kjøleskapet til avkjøling.

Til avkjøling. Fryseboksen neste – det var planen…

Heldigvis gløymde eg å putta dei i frysa: Den fyrste dagen åt eg opp eitt, den andre eitt til.  Blei eplemos med havregryn i staden for havregryn med eplemos….

Så dukka Øyvind opp att, og han måtte jo få! Son min er også glad i havregryn etter trening, dermed forsvann resten.

Heldigvis hadde Øyvind med endå ein pose. Koseleg syssel på ein regntung dag. Og så godt det luktar mens du held på! Skin sola og du vil ikkje stå inne? Går fint å kutta eplene på hagebordet, og mosen putrar mens du kosar deg i hagen.

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

 

 

 

 

 

 



10 kommentarar om “Eplemos til alt”

  • Hei!
    Dette skal jeg jammen prøve for det så utrolig godt ut! Takk for alt du deler- du er så utrolig dyktig og kunnskapsrik:) Veldig kjekt å følge deg. Du gir meg så masse inspirasjon:) så håper jeg du kommer med egen YouTube kanal også etterhvert! Ønsker deg og dine en flott søndag! Hilsen ei som bor i Trøndelag.

    • Tusen takk for hyggeleg kommentar! Det gledar meg stort! YouTube, he,he, tvilar på det.. Eg må i så fall få nokon til å læra meg det. Har to bein å stå på: Kjøkkenhage og helsecoaching. Skal også ha tid til det siste.. Heldigvis fekk me nokre dagar med sol slik at eg fekk gjort litt i hagen, men nå pøsar det att. Håpar det blir nokre soldagar framover både her og i Trøndelag. Lukke til med innhaustinga! Triveleg å stå inne når det regnar og bles og koka store gryter med supper og stuingar og mos…

  • Hei. Dette ser deilig ut. Er det greit å bruke skallet på epler som har lagt på bakken? Eg har to store bæreposer med nedfallsepler, og tenkte eg måtte skrelle alle. Det er mykje arbeid!

  • Hei. Dette så deilig ut. Jeg har flere poser med nedfallsfrukt, og lurer på om det er trygt å spise hvis jeg lager mos av det uten å ta av skallet? Det er mye arbeid å skrelle eplene… Forstår det slik at det er det du gjør her?
    Mvh Torill

    • Nei, ikkje skrell. Sjå oppskrifta – framgangsmåte punkt 1: “Del epla i båtar med ein eplekuttar og kast kjernehuset. Ikkje skrell eplene, der sit mykje av dei viktige næringsstoffa. Men skjer vekk det som er “dårleg”.”

    • Hei igjen Bjørn Kåre! Tusen takk, veldig gildt at dokke kom:):) Hausta inn massevis av eple i dag – tenkte det var best å få det gjort før pøsregn og all vinden i morgon- Best å få dei i hus før dei bles ned. På kjøkkenet står nå ei gryte med mos og putrar. Hadde bonusdotter mi på besøk – me laga kake med eplemos og raspa squash. Oppskrift kjem på bloggen i morgon:) Ha ei fin helg!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: