Blomkarse x 10 – vanlege, sjeldne, sarte, robuste og ustoppelege

Blomkarse x 10 – vanlege, sjeldne, sarte, robuste og ustoppelege

Aldri ein sommar&haust – utan blomkarse! Pyntar opp, gjer nytte for seg, er gode å eta og lette å få til. Hugs å ta frø av  dei du likar best. I år har eg prøvd ti nye, spanande sortar.  Her skal du få sjå.

Eg sådde faktisk ikkje eit einaste blomkarsefrø i vår. Eg angra. I mai dukka ein engel opp med ti ulike frø ho hadde sådd. Om eg ville ha? Snille Janne Håland, hageinteressert freelancejournalist.

Så spanande det var å venta på koss dei ville bli! Den einaste som ikkje spirte, var “Tip Top Apricot”.

Den aller vakraste synes eg var den som kom aller sist med ei bittelita spire, og som eg har i ei lita potte på terrassen: “Black Velvet”:

“My precious”— Eg trudde aldri denne skulle spira, men langt om lenge dukka den minste blomkålspira eg har sett opp. Liten og søt er den ennå, “Black Velvet”.

Glad har eg også blitt i dei lyst oransje “Salmon Mousse”.

“Salmon Mousse”. Eg synes dei oransje (laksefarga høyrest ikkje så fint ut) blomane er så fine mot det mørkegrøne bladverket.

Kraftigaste vekst er det på den mørkerøde “Crimson Emperor”, – ikkje rart, er jo ein slyngblomkarse. Eg likar veldig godt den mørkerøde fargen. Dei får spreia seg mellom mørkegrøn grønkål og lillarød rådkål i kålbedet. Er nøgd med den samplantinga. Den skyt ut lange rankar/stilkar.

Sjølve blomen liknar veldig på “Paso Doble” som du ser nedføre. Skilnaden er at sistnemnde er ein buskblomkarse som ikkje blir stort større enn du ser, pluss at bladverket er lysare.

“Paso Doble”, vakker rødfarge.  Bak ser du litt av dei lange stilkane som slyngblomkarse “Crimson Emperor” sender ut.

Den mørkerøde “Alaska Red Shade” er ein annan favoritt, ikkje bare på grunn av blomane, men også på grunn av dei lyse, litt kvit-gul-spraglete blada:

Både fine blomar og blad på denne.

“Purple Emperor” og “Sahinis Mabo” var fine i starten, men det var jammen ikkje mykje regn dei tolte. Litt vanskeleg å sjå skilnaden på desse, her er dei. “Purple Emperor” til høgre.

Var fine før me fekk masse styrtregn.

Nydeleg synes eg “Cream Purple Spot” (lysegul med rødlege flekkar) var, dei fekk bu i ein lysegul balje:

“Cream Purple Spot”.

Fløytegule “Milkmaid” var då uskuldig:

“Milkmaid”.

Men heller ikkje desse gule viste seg å vera robuste nok i styrtregn og blåst.

Vesle “Black Velvet” derimot, har halde stand.

Robuste til tusen

Fyrste året eg sådde “Glorius Gleam Mix” dekka dei bakken under bærhekken og frukttrea. Alt frå bare ti frø!

Men ingen av dei nye og spanande sortane held mål med dei som sådde seg sjøl. Dei stammar frå ei stor økonomipakke “Glorius Gleam Mix” (slyngblomkarse – ulike gule, oransje, røde sortar)som eg kjøpte for fire-fem år sidan (Nordic Garden).

Fyrste året okkuperte dei heile plassen under bærhekken og frukttrea i Leikeplasshagen. Då frosten kom, hamna eit trillebårlass i komposten.

Blomkarsebringebær

Resten brukte eg til jordforbetring der eg skulle planta bringebær våren etterpå. Eg grov rett og slett ei grøft (skikkeleg skrinn og dårleg jord), fylte ho med blomkarse og bøkelauv og dekka over med jord att. Bringebærplantene har elska det! Og sidan har blomkarsen dukka opp både her og der i Leikeplasshagen som gledelege overraskingar.

Blomkarse. Har sådd seg sjøl frå frø som blei liggjande att ute i fjor haust.

Ingen tvil om at desse toler vind og regn best og blømer rikaste. Sjølv om eg dillar og dallar og knip vekk visne blomar på årets nye sortar i potter og krukker, er det tøffingane i Leikeplasshagen som blømer rikaste. Og der har eg ikkje plukka vekk ein einaste avblomstra blom—-  Bare plukka inn litt nå og då til salatskåla.

Ustoppelege. Slyngblomkarse “Glorius Gleam Mix”.

Nåja, det høyrest då finsleg ut. Rundt graskarplantene under epletrea røska eg opp eit trillebårlass for nokre veker sidan for at sola (kom sol!) skulle få sjanse til å lysa på graskara og sneglane skulle få færre gøymeplassar.

Ta frø

Nå må eg passa på å ta frø av “Black Velvet”, “Salmon Mousse”, “Crimson Emperor”  “Paso Doble” og “Alaska Red Shade”. Desse legg eg til tørking inne.  Når dei er tørre, puttar eg dei i ein papirpose og legg dei i frøboksen min i kjøleskapet.

“Glorius Gleam Mix” produserer så mange frø at det kjem til å bli liggjande att i jorda når eg etter frosten tek dei opp og stappar dei i komposten. Dei skal bare få bli liggjande begge stader, så kan eg gleda meg til nye overraskingar neste år.

Graskar “Olga” og blomkarse under frukttrea på Leikeplasshagen sommaren 2017. (Foto: Margunn Ueland)

Favoritt

Forresten gøy å leggja merke til at eit av innlegga som stadig vekk kjem opp som eit av dei mest leste her på bloggen, er 10 grunnar til at eg må ha blomkarse.

Det til trass for at eg hittil år ikkje har skreve eit einaste ord om eller publiserte eit einaste bilete av blomkarse i år her på bloggen.  Heller ikkje på Facebooksida Margunns kjøkkenhage eller på Instagram @margunnskjokkenhage så vidt eg hugsar.

Men i alle foredraga eg har halde, har eg sagt at blomar må me ha i kjøkkenhagen, og at blomkarse er lett å få til. Kan det vera derfor?

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: