Velkomen på foredrag i haust

Velkomen på foredrag i haust

Ualand i Lund kommune, Øksnevad på Jæren og Stavanger. Her held eg mine neste foredrag. Kom om du er interessert i kjøkkenhage, mat og helse. Her får du kort info om arrangementa. Alle er velkomne!

TRADISJONSMAT MED SJØLDYRKA GRØNSAKER: Onsdag den 18. september på Ualand samfunnshus klokka 19. Arrangør: Bygdekvinnelaget i Heskestad.  Foredraget mitt handlar mellom anna om kva som er lurt å gjera nå om hausten, enten du allereide har kjøkkenhage, eller du har tenkt å koma i gong til neste år. Hausten er ei god tid å starta på!

Eg vil også inspirera til meir bruk av dei grønsakene som var vanlege i maten mor mi laga då eg vaks opp på Ualand og som nå blir kalla “tradisjonsmat” – mat som både Bygdekvinnelaget og eg  ivrar for at fleire skal laga oftare. Etter foredraget mitt blir det servert heimelaga grønsakssuppe.

Deretter blir det basar! Alt frå mat til handarbeid og ved blir lodda ut. Og to bøker – “Margunns kjøkkenhage – Fersk mat året rundt”, sjølsagt.  Alle er velkomne, du treng ikkje vera medlem av bygdekvinnelag.  Pris? Gratis.

Det tek rundt 30 minutt å køyra frå Eigersund til Ualand. Frå Moi til Ualand er det rundt 20 minutt.

Lapskaus, sunt og godt!

HAUSTFEST MED LIVSGLAD MAT: Onsdag den 25. september på Skytterhuset på  Øksnevad i Klepp kommune på Jæren klokka 18:30. “Livsglad mat med Margunn” er tittelen arrangøren Natt og Dag Urtelag har sett på foredraget. Bestillinga deira er at eg skal snakka om “kosthald og kva stoff me får i oss når me et grønsaker, frukt og bær”.

Skikkeleg fest blir det, for etterpå får du servert både heimelaga suppe med masse grønsaker, godt brød og eplekake. Det er visst mine oppskrifter som skal brukast.. Dette blir spanande!

Du treng ikkje vera medlem for å koma, alle er velkomne, men du må melda deg på innan den 11. september til epost: urtelaget@gmail.com. Pris: 200 kroner (betal kontant ved oppmøte).

Spent på kva eplekake Urtelaget vil laga, dei sa dei skulle bruka ei av eplekakeoppskriftene frå bloggen min..

“MIRAKELMAT MED MARGUNNS KJØKKENHAGE”: Onsdag den 16. oktober i Stavanger Aftenblad, Nykirkebakken 2, Stavanger sentrum, klokka 18-20. Arrangøren omtalar foredraget slik:

“Nå bugner det av frukt og grønnsaker. Det gjelder å få i oss mest mulig. Så godt! Og så sunt. Sunnere enn mange vet. For grønnsaker, bær, frukt og urter inneholder noen “mirakelstoffer” som ikke finnes i kjøtt, fisk, egg og melk osv. – men kun i planteriket. Stoff viktige for god helse, sterkt immunforsvar, frisk mage/tarm, ja for godt humør!

Helsecoach og kjøkkenhageentusiast Margunn Ueland brenner for dette. Denne kvelden vil hun dele sitt engasjement og sin kunnskap med deg. Du vil også få gode tips om retter du raskt kan lage. Foredraget blir illustrert med bilder fra kjøkkenhagen hennes. Høsten er faktisk en god tid å anlegge kjøkkenhage på. Derfor vil du også få noen råd om hva du kan gjøre nå.

Ytterligere inspirasjon og dyrkingstips finner du i boka “‘Margunns kjøkkenhage – Fersk mat året rundt” som hun signerer etter foredraget. Har du ikke kjøpt boka allerede, kan den kjøpes denne kvelden.

Margunn var journalist i Aftenbladet fra 1980 til våren 2018. Nå skriver hun bloggen “Margunns kjøkkenhage – Margunn Uelands blogg om hage, mat og helse” som har passert 300 000 lesere. I tillegg jobber hun som sertifisert helsecoach. Hun er en populær kurs- og foredragsholder.”
Ei inspirerande og nyttig bok å bli glad av, slår bokmeldarar fast. (Foto: Jan Inge Haga)

FLEIRE ARRANGEMENT MED MARGUNNS KJØKKENHAGE I HAUST:

Kom på byfesten i Langgata i Sandnes lørdag 7. september og på Miljøsøndag i Stavanger sentrum den 8. september.

Bli med på to gratis kurs med meg og Mariell på Selvåg gartneri og hagesenter den 12. og 26. september. 

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: