Lurt å potta om urtene

Lurt å potta om urtene

Sturer urtene dine? Står dei i den same potta du planta dei i vår? Då er faren stor for at røtene har det for trangt og får for lite næring.  Du vil få meir glede av krydderurtene dine utover hausten om du flytter dei over i større potter. Det vil bli meir urter å klyppa inn, og plantene vil halda seg friskare og finare.

Kraftig mynte

Det gjeld særleg dei som veks fort.  Kraftigaste vekst av alle har mynten: Lyft han ut or potta å sjå: Mykje meir røter enn jord? Røter som går i snurr/rundt og rundt nederst? Jepp, det hadde min mynte, så her var det ingen tvil.  Over i ei potte om lag fire gonger så stor og tilførsel av god næringsrik jord.

NB! Ikkje plant mynte ut i eit bed, med mindre du vil at planten skal overta heile bedet etter nokre år. Jo større røtene blir, jo meir veks dei. Spreier seg kraftig etter nokre år.

Etter ti dagar kunne eg henta inn dobbelt så mykje mynte – herleg i salat, i  pesto, smoothiar, i bakverk. Går også fint å frysa.

Før ompotting hadde mynte og salvie like store potter. Nå har mynten fått ei potte større enn ei vaskebøtte, mens salvien bare fekk ei litt større.

Middelhavsurtene

Salvie, estragon, timian og oregano, estragon og rosmarin fekk også nye potter – men langt frå like store som mynten. Røtene på desse veks på langt nær like fort. Eit par terrakottepottestørrelsar opp fekk halda. Desse treng dessutan mindre vatn og næring enn mynte. Blir pottene for store, kan det blir for vått for dei utover hausten. På biletet øvst i innlegget har eg teke estragon ut av den tome potta til venstre. Til høgre den nye potta. På biletet like under her ser du godt at røtene treng meir plass:

Desse røtene treng meir plass, ja.

Er dei veldig våte, toler dei kuldegrader mykje dårlegare.  Uti oktober pleier eg derfor å setja desse i drivhuset. Før eg fekk drivhus, flytta eg dei inntil husveggen/under takskjegg slik at dei blei litt skjerma frå all nedbøren.

NB! Det må sjølsagt vera hol i botnen av pottene. Desse middelhavsurtene får også eit lag med småstein nederst i potta. Eg blandar også litt sand inn den heimelaga kompostjorda eg fylte på med.

Urteolje var lettare å laga enn eg trudde!

Bruk urtene

Du har vel ikkje bare urtene ståande til pynt? Bruk dei! Klypp inn, nytt veks ut. Frys og/eller tørk. Eg frys persille, mynte, estragon, løpstikke og kjørvel.

Har ikkje kome så langt at eg har tørka noko i år. Eg er jo litt bortskjemd med at eg bare kan flytta dei inn i drivhuset.

Her er oppskrifter på nokre rettar der urtene spelar hovedrolla:

PESTO MED PERSILLE OG VALNØTTER

BØNNEPANNE MED SALVIE

URTEOLJE PÅ 1-2-3

AVSLAPPANDE JUICE MED SQUASH OG SITRONMELISSE

FORFRISKANDE JUICE MED MYNTE OG AGURK

PASTA MED PERSILLESAUS

LØPSTIKKESUPPE

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



2 kommentarar om “Lurt å potta om urtene”

Legg att eit svar til margunnueland Avbryt svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: