Snakkes me neste helg?

Snakkes me neste helg?

Kva må gjerast i hage- og kjøkkenhagen i september? Og koss skal du bruka all frukt og grønsaker som nå er klare? Kom og slå av ein prat med meg neste helg: Under byfesten i Langgata i  Sandnes på laurdag og miljøsøndagen i Stavanger sentrum på sundag.

Værhane (Montbretia) veks ved sida av eit lite “Discovery”-epletre. Dei mørkeblå blomeknoppane er frå stauden storhjelm. (Foto: Jan Inge Haga).

Laurdag den 7. september i SANDNES: Byfest i Langgata. Har du spørsmål om kjøkkenhage og staudebed eller har lyst på eit hagedrøs, kom til Norli bokhandel i kvartal 3- der er eg frå klokka 12:15 til klokka 14.  Har du ennå ikkje kjøpt boka mi, “Margunns kjøkkenhage- Fersk mat året rundt”,  signerer eg den gjerne til deg. Jæren forlag har få igjen av 1. opplag så det kan vera lurt å sikra seg denne nå (bare fire månader til jul….).

Kjøp med deg litt god kaffe og/eller te frå Rostrup (serverer gratis kaffe under byfesten) som ligg litt lenger sør i same kvartal, så kan du gå heim og kosa deg med boka og leggja store planar for neste års kjøkkenhage… Eller kanskje du blir så inspirert at du får lyst til å gå i gong med det same? Lurt, for hausten er faktisk ei god tid å starta på. Ikkje med å så og planta, men med å laga knallgod kompostjord.

Her kan du sjå kva meir som skjer under Byfesten. 

Ei bok å bli glad av, slår bokmeldarar fast.

Sundag den 8. september i STAVANGER: Miljøsøndag i Stavanger sentrum klokka 12-16. Masse skjer: Du kan testa elsykkel, transportsykkel, sparkesykkel og rulleski. Padla i kajakk og kano på Breiavatnet og klatra i Kiellandparken. Det blir musikk, sang og dans og svolten treng du ikkje vera redd for å bli: Bra mat blir å få kjøpt.

Eg blir å finna på Torget ved sida av “Bærekraftige liv på Byhaugen” og “Frå Hage til Mage”. Hos meg kan du få gode råd om både dyrking og koss du best utnyttar det du haustar.  Eller kanskje du ikkje kom i gong i år? Det er ennå ikkje for seint. Ja, det går veldig bra å få fram masse god mat på liten plass utan å bruka kunstgjødsel, sprøytemiddel eller sekkevis med torvjord. Kom bort, så skal eg forklara.

Herleg, heimelaga kompostjord av planteavfall.

Eg byr også på nokre smakebitar frå hagen og du kan få kjøpa signerte eksemplar av boka “Margunns kjøkkenhage -Fersk mat året rundt”.  I boka viser eg kva eg gjer og kva som skjer i hagen månad for månad. Haustkapittela inneheld også mange tips og råd om kva du kan laga av alt du haustar.

Her får du full oversikt over alle aktivitetane under Miljøsøndag.

DEI MEST POPULÆRE INNLEGGA PÅ BLOGGEN AKKURAT NÅ:

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: