Super sylteagurk

Super sylteagurk

For å laga ekte sylteagurk, treng du bare tre ingrediensar: Små sylteagurkar, vatn og salt. Og nokre glaskrukker. Herleg å knaska på, fort gjort og bra for helsa: For i ein slik liten fermentert agurk, er der meir nyttige bakteriar enn i dyre probiotikapiller!

Sylteagurken me vanlegvis kjøper i butikken, er skåren i skiver og ligg i lake kokt av eddik og sukker. Den opphavelege måten å ta vare på agurkane på, var å putta dei heile i glas med saltlake og setja dei i romtemperatur nokre dagar og la bakteriar gjera jobben. Fermentering heiter denne metoden. Eg likar det best: Både fordi det er mykje sunnare, men også fordi eg likar smaken betre.

Sunnare både fordi du slepp sukker og fordi du får i deg bakteriar av den gode typen som gjer mange nyttige oppgåver i  kroppen din: Fordøyer maten din, held tarmen i god stand og sørgjer for at immunforsvaret ditt fungerer bra slik at du held deg frisk.  Ja, dei påverkar også humøret ditt! Det er nemleg gode bakteriar som produserer 95 prosent av signalstoffet serotonin.  Mangel på serotonin gjer det ikkje glad, for å seia det slik.

Det blir mange agurkar på kvar plante. Frå plantane eg hausta desse frå, er der att mange bittesmå agurkar, og nye, gule blomar kjem stadig.

Dette treng du:

  • Sylteagurkar
  • Salt
  • Vatn
  • Norgesglas

Framgangsmåte:

  1. Vask både hendene dine og agurkane grundig.
  2. Vask Norgesglas grundig og kok dei så i ei stor gryte med vatn.
  3. Stapp så mange sylteagurkar du har/vil bruka ned i glaskrukkene. Eg fekk 5 agurkar ned i eit litersglas. (Kjem an på kor store dei er og koss fasongen er).
  4. Kok opp vatn og ha i 1 ss salt pr 1/2 liter. Kor mange liter vatn du treng, kjem an på kor mange og kor store glas med agurkar du har. Til eit litersglas med fem agurkar gjekk det med 6 dl saltlake.
  5. Avkjøl.
  6. Hell vatnet over agurkane i glasa. Om du vil, kan du ha litt sennepsfrø eller litt sursildkrydder oppi.
  7. NB! Vatnet skal dekka agurkane heilt. Det er viktig. For å unngå at dei øvste agurkane flyt opp slik at tuppane kjem over vassoverflata, er det lurt å fylla eit mindre glas med vatn og setja det på toppen som ei “presse”. NB! Også det glaset må vera reint.
  8. Legg reine kjøkkenhandklede over glasa og set dei i romtemperatur. Flytt dei vekk frå sollys.
  9. La stå i 3-5 dagar. Du vil sjå at det småboblar litt i glaset. Smak (med ei rein skei!) og kjenn etter om agurkane har blitt så sure som du vil ha dei.
  10. I så fall, tek du vekk “pressglasa” og legg på loket. Du må ha gummiring som høyrer til for at det skal bli tett. Dermed er agurkane haldbare i månadsvis.

NB! Det skal ikkje danna seg eit kvitt belegg på toppen av glasa. Det skjedde fyrste gongen eg prøvde meg. Grunnane var nok at eg ikkje hadde vore nøye nok med vaskinga, eg droppa koking av glasa og eg hadde ikkje på “press” slik at dei øvste agurkane flaut opp.

Agurkane endrar farge under fermenteringa, dei blir lysare, meir mosegrønaktige enn mørkegrøne – du veit koss sylteagurk ser ut.

Her har eg skåre vekk litt blad for at du lettare skal få sjå agurkane.

Dyrketips

Sylteagurken sådde eg fyrste veka i mai – 1 frø i kvar si vesle potte. Dei stod varmt og godt på badet til dei hadde spirt, så flytta eg dei ut i drivhuset.

Agurkar hatar temperaturar under ti grader.

I juni potta eg dei om i større potter og hadde dei ståande på terrassen til eg planta ut då det blei ledig plass etter opptak av løk, knutekål, brokkoli og kålrot i slutten av juni. 

Dei fekk ikkje skikkeleg fart på seg før varmen kom i juli, og  med alt regnet i det siste har dei vakse som bare det. Kvar plante skyt ut lange rankar, som kjem med små gule blomar som blir til agurkar.

Heldigvis kikka eg under teppet av grøne blad, slik at eg oppdaga at mange var klare til bruk, dvs. 10-12 centimeter. Nokre var blitt endå større, knalltjukke og lyse under for dei hadde nok vore klar lenge.

Det blir veldig mange agurkar pr. plante – agurkane sit tett i tett på dei lange rankane. Pass på: Det går fort frå bittesmå agurkar til hausteklar sylteagurk. Ei vekes tid, sånn cirka (kjem an på vêret og temperaturen).

Ta ein runde med sigd/saks og fjern “stygge” blad (dvs gule, brune eller sjuke blad).

Sorten eg sådde var “F1 Partner” som i fylgje frøkatalogen til Impecta gir bra avling sjøl ved låge sommartemperaturar (eg er ikkje sponsa). I fjor prøvde eg meg på “F1 Diamant” frå same firma, men ingen av frøa spirte!

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



4 kommentarar om “Super sylteagurk”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: