Rydd i graskarjungelen

Rydd i graskarjungelen

Før eg fekk sukk for meg, var graskarplantene overalt – lange rankar med svære blad og blomar tok opp all plass under frukttrea, – ja dei var på veg opp i trea.  Nå har eg kappa vekk mesteparten. Kvifor? For å sikra meg bra graskar.

Det er ikkje vits i at plantene brukar kreftene sine på nye blad, nye blomar og nye graskar nå. Dei vil ikkje rekkja å bli ferdige i  tide likevel. I tide vil seia før den fyrste frosten. Veit aldri kva tid den kjem, men det kan skje i starten av oktober.

Altså er det vare ein dryg månad att. På den tida geier ikkje ein blom og bli til eit stort, oransje Halloweengraskar.

Ikkje gildt å kutta vekk store, flotte blomar som dette, men det måtte til…

Kreftene skal dei få bruka på dei graskara som alt er nokonlunde store.

Som du ser på biletet i toppen av dette innlegget, kutta eg ned mykje!

Den andre grunnen til at eg meia ned i graskarjungelen, var at det var mest uråd å koma fram. Kunne ikkje trø utan å setja foten på ein stilk eller eit blad. Og snart vil me jo fram til epletrea som står tunge med frukt.

Grunn nummer tre: Brunsneglane likar seg under store blad, og graskarblomar er ein av livrettane. Om hausten legg sneglane egg.

Grunn nummer fire: Sol og lys skal  få sleppa til i håp om at dei blir oransje og mogne i tide.

Tre slike trillebårlass hamna i kompostbingen. Eg sa “unnskuld” til plantene, stakkars. Trøysta er at det blir bra kompost…

På  dei seks “Tom Fox” som eg hadde under epletrea i år, var det faktisk bare fire frukter som eg fann store nok.  Alle var frå dei to plantene eg planta ut den 7. juni.

Dei fire eg planta ut den 18. mai, stoppa opp i veksten  og fekk gule blad då det blei kaldt i siste del av månaden. Og det tok mange veker før dei kom seg.

Under digre blad og lange rankar på veg mot ein pallekarm, fann eg dette grøne graskaret. Kappa vekk blada, og lyfta graskaret opp i karmen. Her får det meir sol enn under plommetreet.

Når er graskara klare? Når dei får fargen dei skal ha – desse skal bli oransje – og når skalet er skikkeleg hardt. Prøv å skrap på skalet med neglene, graskaret skal kunna tola det utan å få riper. Du kan også banka på det – då skal du helst  høyra ein hul lyd.

Her i Stavanger er det sjeldan at graskara blir mogne før i slutten av september. Unntaket er Hokkaidograskar “Uchiki Kuri”.

For at graskara skal koma litt opp frå den våte bakken – det regnar mykje her – putta eg nokre flate steinar under.

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

 

 

 

 



11 kommentarar om “Rydd i graskarjungelen”

  • spennende da,har aldrig sådd graskar,feirer ikke hallowin selv om jeg er født i usa :=) men lurt uansett å rydde opp nå ja,er i ferd med det samme jeg også,har kappa ned alle blomster og blader på tomatplantene ,så kan tomatene som er igjen rekke å bli modne

    • Gøy med graskar – slik ei veksekraft! Og ungane i gata synes det er stas. Bør fram med saksa i drivhuset ja, har kappa litt, men bør vel ta litt til. Men fjernar ikkje alle blad.

  • Hei! Eg har satsa på to typer i år, spaghettigresskar og hokkaido. Er du like hardhendt med hokkaidograskara også, eller lar du den vekse litt friare, i og med at den gjev tidlegare avling?

    • Hei! Har Hokkaido også, eg klypte vekk ein del stenglar og blad der tidlegare i sommar, men gjekk ikkje like mykje. Klypte fyrst og fremst vekk blad for at sol og lys og luft skulle få sleppa til. Mange frukter. Måtte også klyppa vekk stenglar som vaks langt ut over bedet og over i andre bed og ut i gata…

  • Den siste mnd har kun vært hannblomster på planten.
    Og squashen kom med knopper som aldri blei mer.
    Dei er visst i haustmodus, og gresskara skifter fra grønt til gult.

  • Artig å lese., kjenner meg sååå godt igjen. Det går så tregt, så tregt, men, så, helt ut av det blå, er det overflod av blader og vekst. Hadde en runde sist helg og fjernet det meste av blader og satser på at gresskarene som nå er igjen blir slik jeg vil. 🙂

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: