Rydd i graskarjungelen

Før eg fekk sukk for meg, var graskarplantene overalt – lange rankar med svære blad og blomar tok opp all plass under frukttrea, – ja dei var på veg opp i trea. Nå har eg kappa vekk mesteparten. Kvifor? For å sikra meg bra graskar.
Det er ikkje vits i at plantene brukar kreftene sine på nye blad, nye blomar og nye graskar nå. Dei vil ikkje rekkja å bli ferdige i tide likevel. I tide vil seia før den fyrste frosten. Veit aldri kva tid den kjem, men det kan skje i starten av oktober.
Altså er det vare ein dryg månad att. På den tida geier ikkje ein blom og bli til eit stort, oransje Halloweengraskar.

Kreftene skal dei få bruka på dei graskara som alt er nokonlunde store.

Den andre grunnen til at eg meia ned i graskarjungelen, var at det var mest uråd å koma fram. Kunne ikkje trø utan å setja foten på ein stilk eller eit blad. Og snart vil me jo fram til epletrea som står tunge med frukt.
Grunn nummer tre: Brunsneglane likar seg under store blad, og graskarblomar er ein av livrettane. Om hausten legg sneglane egg.
Grunn nummer fire: Sol og lys skal få sleppa til i håp om at dei blir oransje og mogne i tide.

På dei seks “Tom Fox” som eg hadde under epletrea i år, var det faktisk bare fire frukter som eg fann store nok. Alle var frå dei to plantene eg planta ut den 7. juni.
Dei fire eg planta ut den 18. mai, stoppa opp i veksten og fekk gule blad då det blei kaldt i siste del av månaden. Og det tok mange veker før dei kom seg.

Når er graskara klare? Når dei får fargen dei skal ha – desse skal bli oransje – og når skalet er skikkeleg hardt. Prøv å skrap på skalet med neglene, graskaret skal kunna tola det utan å få riper. Du kan også banka på det – då skal du helst høyra ein hul lyd.
Her i Stavanger er det sjeldan at graskara blir mogne før i slutten av september. Unntaket er Hokkaidograskar “Uchiki Kuri”.
For at graskara skal koma litt opp frå den våte bakken – det regnar mykje her – putta eg nokre flate steinar under.
EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:
- Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
- Trykk på FØLG MEG-knappen.
- Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.
Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.
spennende da,har aldrig sådd graskar,feirer ikke hallowin selv om jeg er født i usa :=) men lurt uansett å rydde opp nå ja,er i ferd med det samme jeg også,har kappa ned alle blomster og blader på tomatplantene ,så kan tomatene som er igjen rekke å bli modne
Gøy med graskar – slik ei veksekraft! Og ungane i gata synes det er stas. Bør fram med saksa i drivhuset ja, har kappa litt, men bør vel ta litt til. Men fjernar ikkje alle blad.
Hei! Eg har satsa på to typer i år, spaghettigresskar og hokkaido. Er du like hardhendt med hokkaidograskara også, eller lar du den vekse litt friare, i og med at den gjev tidlegare avling?
Hei! Har Hokkaido også, eg klypte vekk ein del stenglar og blad der tidlegare i sommar, men gjekk ikkje like mykje. Klypte fyrst og fremst vekk blad for at sol og lys og luft skulle få sleppa til. Mange frukter. Måtte også klyppa vekk stenglar som vaks langt ut over bedet og over i andre bed og ut i gata…
Den siste mnd har kun vært hannblomster på planten.
Og squashen kom med knopper som aldri blei mer.
Dei er visst i haustmodus, og gresskara skifter fra grønt til gult.
Hei!Så rart! Dei eg planta ut i juli, leverer som bare det! Håpar graskara blir klare i tide! Ha ei god helg!
Artig å lese., kjenner meg sååå godt igjen. Det går så tregt, så tregt, men, så, helt ut av det blå, er det overflod av blader og vekst. Hadde en runde sist helg og fjernet det meste av blader og satser på at gresskarene som nå er igjen blir slik jeg vil. 🙂
He, he, ja plutseleg står du midt i ein jungel! Håpar me får litt sol i september – har hatt masse regn hittil denne månaden, men det ser heldigvis lysare ut til helga. Temperaturen dalar….
Ja, min mor , som er innfødt i vår sørligste by, bor i Stavanger og jeg har skjønt at det er langt mer nedbør der enn her, her har det vært tørt og OK temperatur, 15 grader i skrivnende stund
Å herligheden, 15 grader i september er bra. Kor bur du?
*skrivende stund