Rabarbrakake med mynte

Rabarbrakake med mynte

Eg er glad i å bruka urter. Det set ein spiss på det meste. Myntesmaken gjekk fint saman med rabarbra i denne lettvinte kaka. Godt med iskrem til i varmen. Blir vel årets siste rabarbrakake, for nå er det snart epletid!

Ingrediensar:

  • 3 egg
  • 1,5 dl sukrin (eller sukker)
  • 100 gram meierismør
  • 0,5 dl rapsolje (rapsolje til baking)
  • 1 dl sammalt havremjøl (økologisk)
  • 1 dl finmalt speltmjøl (økologisk)
  • 1 dl sikta kveitemjøl (økologisk)
  • 1 toppa ss mandelmjøl
  • 1 ts bakepulver
  • ein liten slump mjølk
  • 3-5 stilkar rabarbra (dvs 3 store eller 5 små)
  • 2 nevar mynte
  • 1-2 ss kokosblomstsukker (eller vanleg sukker)

Framgangsmåte:

  1. Pisk egg og sukrin/sukker
  2. Smelt smør, ha i rapsolje og mjølk. Ha det oppi eggedosis.
  3. Bland mjøl og bakepulver og ha i.
  4. Skjer rabarbra i bitar, hakk mynten og ha i ei skål med 1 ss kokosblomsukker. Bland. Hell så i røra.
  5. Ha i ei smurt rundform og steik på 175 grader i om lag 30 minuttar.

Server med vanileis eller piska krem eller vaniljekesam eller creme fraiche. Saftig, frisk og god.

Rabarbra og urter er gildt å ha!

“Kan me bruka rabarbra etter jonsok (St. Hans) spør folk meg stadig. Svar: Ja. I alle fall om du plukkar stilkar jamnt og trutt av planten/plantene heile våren og sommaren slik at det stadig veks ut nye. Gje gjerne planten ei bøtte med kompost slik at han får krefter til å halda produksjonen oppe. Det gjorde eg i slutten av juni, etter at eg mest hadde ribba plantene, og nå står dei der att med lange stilkar og svære blad.Plant ein plante eller to då vel! Her får du du dyrketips.

HAR DU PRØVD DENNE?: 

RABARBRADESSERT MED KOKOS OG BRINGEBÆR

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



2 kommentarar om “Rabarbrakake med mynte”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: