Flott med floks

Flott med floks

Kvit, rosa og lilla haustfloks har blomstra rikeleg i staudebedet mitt sidan den den siste veka i juli. Eg nyt å sitja i  solstolen på terrassen med ein kopp te og kikka på blomsterskyene ved hagegjerdet.

Før eg fekk desse av syskenbarn Karen, var det litt sparsamt med bløminga etter at haustsymra var ferdig. Det tok ikkje mange år før det som var tre små rotklumpar, var blitt til store tuver som igjen kunne delast og flyttast til andre stader i bedet som trong litt farge.

Trikset er å gje dei ei halv bøtte kompost når du plantar. Desse likar nemleg nærings- og humusrik jord, helst jamnt fuktig.  I vår fekk dei litt ekstra kompost så snart dei  fyrste blada stakk opp or jorda.

Eg deler og flyttar floks enten om våren, eller etter at dei er ferdige med bløminga.

Når planten tek til å døy ut i midten, bør du absolutt dela og planta om.

Her er mange sortar i ulike fargar å velja mellom;  purpurrøde, fiolette rosa, kvite, blålilla, mørk fiolett, oransjerøde, røde, lavendel, einsfarga og fleirfarga. Dessverre veit eg ikkje namnet på sortane mine.

Haustfloksen har stive og sterke stilkar, men har du høge sortar og bur ein stad med mykje vind og regn, er det lurt å støtta dei opp. Eg brukar staudestøtter av metall som du får kjøpt på hagesenter.

Dette er ein hardfør staude som blir 50-90 cm høg, kjem an på sort.

Det latinske namnet er Phlox paniculata. Phlox tyder flamme/fakkel, paniculata står for topp/aks.

Etter kvart som dei blømer av – alle blomane visnar ikkje samstundes – klypper eg dei vekk, så kjem det ofte endå fleire. Dessutan blir dei litt stygge i regn.

Den mørkeblå stauden du ser på oppslagsbiletet mellom floksen, er storhjelm. Den går fint saman med kvit floks.

Den rosa og lilla floksen synes eg er fin saman med knallgul praktryllik.

Lilla haustfloks og gul praktryllik. (Bilete: Margunn Ueland)

MEIR OM STAUDER: 

NYDELEG SOMMARSTAUDE

STAUDEBED? DÅ  MÅ DU HA STORKENEBB

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



2 kommentarar om “Flott med floks”

  • utrolig vakkert hos deg,skulle gjerne hatt mange stauder eg,men nyter det heller hos andre,har en kropp som krangler så min hage er i ferd med å bli fri for staudebedd ,jeg går så over til rhododendron og andre blomstrande busker + masse vintergrønt :=)

    • Tusen takk:) Må ha staudene mine, er ei “minnebok” av stauder frå far, faster og syskenbarn. Ikkje godt når kroppen kranglar! Men du har då ein flott hage til trass for det!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: