Pesto med persille og valnøtter

Pesto med persille og valnøtter

Jo meir grønt du et, jo betre . Både krydderurter og grøne bladgønsaker. Pesto er ein fin måte å få i seg begge deler på. Både lettvint, godt og kan brukast til meir enn pasta. Og nei, pesto må ikkje lagast av basilikum og pinjekjerner. Bruk det du har!

Grunnprinsippet er dette: 3 kaffikoppar grønt, 1/2- 3/4 kopp olivenolje og minst 1/4 kopp nøtter og/eller frø. Eg tek ofte i litt ekstra nøtter.

Grønt kan vera ruccola, salat, grønkål, svartkål, persille, basilikum. Nøtter og frø kan vera solsikkefrø, graskarkjerner, valnøtter, cashewnøtter, mandlar, hasselnøtter. Leik deg litt, prøv deg på ulike variasjonar og finn ut kva du likar best.

I tillegg kan du ha i litt fersk kvitløk eller salatløk, gjerne også 1 skei finhakka urter som salvie og rosmarin.  Litt finreve skal av økologisk sitron gjer seg også. Smak til med litt salt og peppar.  Nokon likar å ha litt kapers i. Andre likar pestoen med ost i.

Oppskrifta på den pestoen du ser på biletet er slik:

  • 1 kopp (kaffikopp, snautt 2,4 dl) bladpersille
  • 1 kopp basilikum
  • 1 kopp svartkål (ein sort grønkål)
  • 3/4 kopp olivenolje
  • 1/4 kopp solsikkefrø
  • 1/4 valnøtter
  • 1 kvitløkfedd
  • 1 lite dryss salt og stort dryss nykverna peppar.
  • Juice av to båtar lime

Framgangsmåte:

1)Ha alt minus olje i ein kjøkkenmaskin og køyr til det blir fint hakka opp.

2) Spe med olje mens maskinen sviv vidare til du får den konsistensen du vil ha. Synes du det går med vel mykje olje, spe med ein skvett vatn.

Ikkje bare til pasta

Eg serverer ofte pesto ved sida av ei form med omnsbakte grønsaker – som poteter, løk, gulrot, rødbeter, gulbeter, squash.   Eg er nemleg meir glad i grønsaker enn i pasta.

Favorittmåten min å bruka pesto på for tida, er å ha det som pålegg på knekkebrød og brødskiver. Med tomatskiver på toppen. Nam, nam. Ikkje dumt å få i seg noko grønt til alle måltider.

Svartkål og cashewnøtter

Den siste pestoen eg laga, var med minst tre store svartkålblad, ein bunt bladpersille, ein neve cashewnøtter, ein neve valnøtter og ein liten salatløk. Spedd ut med olivenolje og ein skvett vatn. To ts finraspa sitronskal, salt og peppar til slutt. Det blei ein stor porsjon som eg putta i eit glas med tett lok og hadde i kjøleskapet til mange herlege måltid.

Den synes eg blei minst like godt…

Bladpersillen eg brukte, er ein knallgod sort som heiter “Gigante D’Italia” – den blir både stor og kraftig og smaken er betre enn på nokon annan persille eg har prøvd.

Bladpersille “Gigante D’ Italia”.

Fleire oppskrifter

Dette er godt med pesto:

 PØLSE- OG POTETFORM

OG HER ER OPPSKRIFT PÅ GODT OG LETTVINT BRØD

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

 

 

 

 

 

 



6 kommentarar om “Pesto med persille og valnøtter”

  • Så nettopo på et program på nrk hvor de lagde pesto av gulrotkvastene (eller heter det gulrotris?) og solsikkekjerner. Det kunne jo også være et alternativ?

    • Ja, prøv! Har også høyrt at det går. Nabo Marte prøvde, men ho syntes ikkje det blei så godt. Kanskje betre å bare bruka ein del gulrotris og 2 delar med noko anna grønt. Kjekt å eksperimentera.

  • Flott blogg du har. Et spørsmål til oppskriftene: en kopp med urter, vil det si at du stapper den så full du kan få den, eller er det mye luft i mellom?

    • Tusen takk for hyggeleg tilbakemelding:) Er korkje fullstappa eller mykje luft mellom, sånn midt i mellom. Er ikkje så nøye. Stappar du tett, må du bruka meir olje og vera rausare med nøttene.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: