Zinnia byr på fargeshow

Zinnia byr på fargeshow

Rød, gul, rosa, lilla, oransje – sommarblomen Zinnia byr på mange fargar i ulike kombinasjonar. I år er det dei som pyntar opp i det runde bedet midt i Leikeplasshagen. Alltid like spanande å sjå koss kvar ein knopp som spring ut vil sjå ut, for få er heilt like.

Eg fall pladask for Zinnia i fjor – då var det fyrste gongen eg sådde desse. Dei blei så fargglade og fine og heldt seg lenge. Eg likar også at stilkane er så pass stive at dei held seg oppe utan å måtta støttast.

Derfor blei eg litt småsur då årets Zinnia bare sto og sturte frå eg planta dei ut den 18. mai og mest heile juni. Ikkje før me fekk skikkeleg varme, begynte dei å koma seg. Nå blir eg i godt humør bare av å sjå bort på dei.

Eg har planta Zinnia i eit rundt bed midt i Leikeplasshagen.

I fjor sådde eg sortane “Old Scabiosa” og “Whirlgig Fun”. Denne våren sådde eg restane som var att i dei frøposne, pluss ein ny sort som bare hadde namnet “Zinnia”. Denne har fått dei største blomane – dei fleste i rødt, rosa, lilla og gult.

Du kan få sjå nokre bilete, så kan du finna ut kva for nokre du likar best:

“Old Scabiosa”, dannar slike lodne luer etter kvart som dei veks.
“Whirlgig Fun” er dei fleirfarga nederst til venstre. “Zinnia” dei store rødrosa.

Eg sådde i starten av mars i drivhuset. Spirene var lenge bittesmå, eg prikla ikkje før den 16. april.

LES OGSÅ:

SJALOTTLØK OG ZINNIA

KJÆRLEIK VED FØRSTE BLIKK 

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



4 kommentarar om “Zinnia byr på fargeshow”

  • Du har varme i drivhuset ditt? Jeg sådde zinnia, kaldsådde i en isboks i mitt drivhus som er uten varme. Det kom ikke en blomst! Kan det være døde frø, eller ble det for kaldt? Kjøpte en frøpose på Madeira. Tenkte det var en fin ig praktisk souvenir 😊

  • Hei, så flotte zinnia du har. Mine var ganske fine i fjor, men de stod i krukke, våget ikke plante ut pga snegler, de oppførte seg akkurat som du beskriver her. I år derimot har det vært nærmest null utvikling, et par små blomster. Zinnia er utrolig flotte, men tror faktisk ikke jeg kommer til å prioritere dem igjen, må konse om det som blir noe, noe jeg ikke har som de tydeligvis trenger. Men vi sturer ikke fordet. Ha en fortsatt fin dag, hilsen Ingeborg

    • Tusen takk! Zinnia likar seg nok best i sol og varme, og er ikkje dei beste når det er kjøleg. Utruleg fine til snitt. Plukka inn nokre sist helg, held seg fint ennå. Fin dag til deg også!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: