Lag god jord av potetriset

Lag god jord av potetriset

Du kastar vel ikkje potetriset? Eg gliser stort når eg tek opp poteter, både på grunn av all den gode maten, men også fordi eg kan laga så mykje god kompost av dei grøne stenglande og blada. Nei, eg legg ikkje bare alt i ein haug, her skal du få sjå koss eg gjer det.

Sidan potetriset tek mykje plass, har eg mesteparten i kaldkompostbingen, for den rommar langt meir.

Det blir mykje avfall når eg tek opp poteter. Bak ser du kaldkompostbingen min som er innedel i tre kammer.

Eg har sørgja for at der er halvegs omdanna planteavfall/altså grov kompost med masse meitemark, bakteriar osv. i bingen frå før av i det eine kammeret. Som du ser på biletet oppføre, er det tre kammer i bingen.

I grovkomposten er det mykje lauv. Det er bra, for når me lagar kompost, skal me helst leggja brunt og karbonhaldig avfall (som f.eks lauv) lagvis med grønt og nitrogenrikt avfall (som f.eks potetris og andre planterestar).

Så legg eg potetriset i eit anna kammer, lagvis med den halvt omdanna komposten.

Eg har ikkje oppi heile stenglane med all bladmassen. Eg kappar dei opp i store bitar. Ein sigd er ypperleg til det: Svisj, svusj, kapp, chop, chop, det går fort. Pass fingrane! (Eg kjøpte sigd på Felleskjøpbutikken) (sjå biletet i toppen av innlegget).

Kor tjukt lag? Om lag 30 centimeter.

Grovt omdanna kompost som inneheld ein god del lauv, tek eg så frå eit anna kammer i bingen og legg over potetriset.

Deretter spar eg over eit lag grov kompost, nok til at potetriset blir dekka.

Så held eg fram slik, lag på lag. Eg dekkar med eit lag lauv til slutt.

Eit lag med grov kompost på toppen, og så eit lag lauv (har ståande fleire sekker).

Kor lang tid går det før dette blir til jord? I fjor var potetriset frå starten av juli blitt til ok kompostjord i oktober. Denne spadde eg ut av kaldkompostbingen og la han på som toppdekke i bed og karmar i kjøkkenhagen slik at meitemarkar osv i jorda fekk niste utover hausten og vinteren. Dessutan trong eg plassen i bingen til staudeavkapp. georginer (må ta dei opp før frosten) og det eg rydda ut or drivhuset.

Tørråte?

Eg nemde at eg lagar kompost av potetriset i blogginnlegget SLIK BRUKAR EG GRØNSAKSAVKAPPET.  Då var det ein mann som kommenterte på Facebook at “potetris i kald kompost må jo være veldig dumt. Plutselig så har du tørråte som spres med vinden.”

Eg forstår at han blei redd for det. Tørråte vil me ikkje ha. Men nei, har aldri fått tørråte på potetris i kompost. Og eg har gjort det på denne måten dei siste fem åra.

Den dyktige engelske hageguruen Charles Dowding brukar endåtil potetris med tørråte i sin kompost. Han seier det går heilt fint, tørråten lever bare på levande planter. Godt å vita, men for å vera på den sikre sida, har eg aldri teke sjansen på å ha potetris med sjukdom i komposten, sjølv om Dowding nok har rett.

Sidan eg stort sett bare dyrkar tidlege sortar, har eg sjeldan hatt sjukdom på mine poteter – bare på seine sortar for to år sidan då det regna konstant…. Dei tidlege sortane kan eg nemleg ta opp før soppsporene kjem fykande – det gjer dei som regel utpå sommaren når det blir varmt og fuktig.

Godt med sjøldyrka poteter, ja!

LES OGSÅ:

FÅ OPP POTETENE FØR TØRRÅTEN KJEM

OVERRASKINGS-POTETETENE

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



10 kommentarar om “Lag god jord av potetriset”

  • Tusen takk for supertips. Vi har aldri hatt løv i komposten, ikke hatt plass, men sikkert lurt å blande i. Har fått tips om å strø løv utover gressbakken og så gå over med gressklipper. Da får du et superdekke til å legge over planter på høsten. Hilsen Turid

    • Velbekommen! Ja, lurt å klyppa opp løv med grasklyppar, – eg har bare ein liten, treg og tung eg skuvar framfør meg med armkraft, så eg brukar bare lauvet som det er.

  • må vist få snekkeren min til å lage en slik kaldkompostbinge,jeg har bare 3 pallekarmer oppå hverandre og da vi tømte varmkompostbingen i vår sette jeg 10 poteter nedi :=) har ikke tatt dem opp ennå ,men det er frodigt i karmen for å si det sånn,når jeg har tatt opp potetene skal innholdet legges i pallekarmene i grønnsakshagen,,så får vi se om jeg får laget noe skikkelig etterpå :=)

  • Takk for fint innlegg! Eg har tenkt mykje på bruk av kompost/ halvvegs kompostert avfall i karmane mine og rotasjon. Når du skriv at du legg kompostert potetris i karmar- vil du td dyrke poteter der neste år eller vil du være nøye på kva du dyrker der?
    Helsing Eline

    • Hei og takk for hyggeleg tilbakemelding! Eg likar best å dyrka poteter i bed og ikkje karmar – karmane sparer er gjerne til frå eg direktesår (som gulrot) eller til planter eg vil ha opp frå bakken pga sneglar (som salat og squash). Men du lurer vel på om det går an å dyrka poteter i karmar med kompostert potetris, og svaret er ja.

  • Hei Margunn!
    Jeg har fulgt deg i noen måneder og har blitt en stor fan!
    Du har så mange gode tips, ideer (og oppskrifter!) til en nybegynner som meg.
    Har ikke hatt kjøkkenhage før jeg fylte 66 år.
    Nå har jeg blitt pensjonist og storkoser meg med min første avling.

    Det var så morsomt å lese om rødbetene dine som ikke ble som de ble, for jeg hadde akkurat høsta mange “druer” sjøl.
    Takk for at du deler det som ikke går så bra også.

    I denne anledning skriver jeg til deg fordi jeg søker forklaring på et problem jeg har.
    Nypotetene (Juno) og Kerrs Pink-potetene koker i filler for meg. Jeg koker de de selfølgelig ikke, bare trekker de, men skallet løsner lenge før de er kokt inni og resultatet blir vasne, smakløse poteter til middag. Og jeg som hadde gleda meg sånn til å ta opp egne poteter.

    Jeg har akkurat snakka med “Potet Forum”, men de hadde ikke anelse hva det kunne være. De skulle undersøke litt og kanskje ringe tilbake..
    Derfor spør jeg deg om du har opplevd noe tilsvarende?

    PS!
    1. Jeg har ny “luftig” jord, kjøpt fra firma som leverer jord til bruk i kjøkkenhage. Ikke gift o.l..
    2. Potetene er friske og uten sykdom når jeg tar de opp.
    3. Veksten har vært normal. Veldig gøy å se de vokse så fort. Fin blomstring!
    4. Har gjødslet forsiktig med hønsegjødsel på starten.
    5. De har ikke tørket.
    6. Kassene er 45 cm høye og de har fått vann regelmessig.
    7. Potetene er både hyppet og har hatt grasdekke på toppen.

    Mange hilsener fra Torunn i Asker

    • Hei og tusen takk for kjempehyggeleg kommentar! Det gledar meg. Og så gøy at du har gått i gong med kjøkkenhage i ein alder av 66 år! Det kjem du ikkje til å angra på! Ja, der er alltid noko som ikkje går etter planen. Me får gleda oss over det som blir bra, læra av det som går mindre bra og prøva igjen neste år. Naturen rår me ikkje over, me får vera læresveinar og spela på lag så godt me kan. Eg er ingen potetekspert, har bare hatt poteter i kjøkkenhagen dei siste tre åra. Lurer på om du kan ha gitt for mykje gjødsel. Hønsegjødsel er sterke greier.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: