Årets squashlærdom

Årets squashlærdom

Sjå på denne svære squashplanten! Den er sådd så seint som den 23. juni i ei lita potte på terrassen og planta ut den 16. juli i bedet etter at eg tok opp dei fyrste potetene. Nå leverer han som bare det. Denne er over dobbelt så stor som den eg bare planta i ei den røde bøttestore potta på biletet nedføre.  Ingen tvil om at squash likar seg best når han får god plass og god kompostord med masse liv og næring i.

For beda mine er bygd opp av organisk materiale, mens jorda i potta er frå kjøpesekk blanda med pellertert ku&hønsegjødsel.

Squashen i potta er langt mindre enn den i bedet, sjølv om dei er like gamle. Som du ser av nokre gulege blad, er den ikkje heilt nøgd, nei. Derfor planta eg han ut i ein pallekarm med kompostjord.

Ingen hast med squash

Ikkje så squash for tidleg, vent til slutten av april, har eg sagt og skreve på bloggen fleire gonger. Plantar du ut før temperaturen er over ti grader, blir plantane lett ståande og stura. Sjølv om eg venta til den 18. mai med å planta ut dei fyrste eg sådde, kom dei ikkje skikkeleg i gong med produksjonen før i slutten av juli. (Blei unormalt kjøleg i siste del av mai).

Tenk, dei eg sådde to månader seinare, er i ferd med å ta att dei fyrste.

Lenge lurte eg på om det var sorten “Athena Polka” som ikkje var noko tess, sidan det gjekk så uvanleg lenge frå minisquash til stor squash. I fjor hadde eg den gule “Goldy”, og den gjekk frå blom til stor squash på få dagar.  Men eg trur rett og slett det har med kjølen i mai å gjera når eg nå ser på farten dei sist sådde veks med.

Det var ikkje før etter varmen i siste halvdel av juli at det blei fart på “Athena Polka” som eg planta ut den 18. mai.

Gode sortar

Eg planta nemleg også ut ein “Black Beauty” som får mørkegrøne frukter i slutten av mai. Den har det heller ikkje blitt mykje av. Det kan også skuldast at han får for liten plass og for lite sol og lys. Eg putta han nemleg ned i kanten av georginebedet. Det skulle eg ikkje ha gjort, for georginene har vakse seg kjempestore. Stakkars squashen kjem heilt bort.

Godt då at eg fekk to squashplanter av sorten “Costates Romanesco” av Jeanette Jacobsen. Dei veks også som bare det, men har ikkje fått frukter ennå. Du ser ein av desse heilt til venstre på biletet i toppen av dette innlegget.

I fjor utropte eg “Goldy” til den beste sorten eg har prøvd og den grønstripete “Tapir” som nummer to. Nå er eg spent på koss “Costates Romanesco” blir.

Squashrøra kan frysast.

Av squash likar eg å laga ei diger gryte grunnrøre som eg så kan bruka til tre ulike middagar. Her er oppskrifter på både grunnrøre og middagane.

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: