Årets mislukka grønsaker

Årets mislukka grønsaker

“Rødbeter, det er lett å få til”, har eg sagt i dei rundt 30 foredraga eg har halde i år. Men kven er det som står her med ein pallekarm full av rødbeter som ikkje er større enn ei drue? Då dei ikkje blei større sjølv  etter både varme og regn, forsto eg at det var nyttelaust å venta. Dei hadde nok fått kuldesjokk i mai.

Og ganske rett: Nyleg skaut dei opp den eine lange stengelen etter den andre. Dei gjekk i stokk: For i mai var dei nok så sikre på at faren var stor for at dei ikkje ville overleva, at dei tenkte som så: Her kan me ikkje bruka kreftene på å laga ei stor rot for at Margunn skal få mat, her må me sikra etterslekta: Det gjeld å bløma og setja frø.

Stakkas, og så riv eg dei bare opp når dei blømer. Eg får litt dårleg samvet. Akk ja, men då lærte eg det, utolmodige meg: Det var for risikabelt å planta ut små rødbeter i påska, sjølv om april var aldri så mild. Mai kan du ikkje stola på. Bare ein liten bunt med brukandes beter frå ein heil pallekarm.

Årets rødbetelærdom: Det var for tidleg å planta ut i april.

Eg sådde rødbetene som vanleg i brett i drivhuset i mars. Det har alltid gått bra  Men vêret veit du aldri koss blir. Det er også forskjell på sortane. I fjor sådde eg “Boltardy” (1. runde) som har fått namnet fordi han sjeldan går i stokk (“bolt” på engelsk).  Eg har også god erfaring med dei avlange “Forono” (2. runde, som eg sådde rett ut i mai). “Detroit 2” heiter sorten eg sådde i år.

Bare ei handfull rødbeter blei så store som ein plommetomat, dei på oppslagsbiletet. Desse har eg ete med andakt, saman med yndlingsmiddagen min for tida: Sild, poteter, persille og rødløk.

Litt hist og pist

Heldigvis brukar eg alltid å ta meg ein runde i hagen i midten av mai med ein pose rødbetefrø. Eg strør ut litt hist og her, der det er ledig plass: Mellom løken, i kanten av georginebedet, i kanten av bedet med mais og graskar. Fleire av desse er i ferd med å bli fine rødbeter, andre strevar under svære graskarblad og nokre er i kamp med ringblomar og blomkarse som har ein tendens til å dukka opp både her og der. Sånn er det, når du brukar kompost:)

Enkle av tre grunnar

At dei er lette å så (temmeleg store frø, ja gedigne samanlikna med gulerotfrø), er ein grunn til at eg har sagt at rødbeter er enkle å få til. Den andre grunnen er at eg aldri har opplevd at dei har fått sjukdomar eller skadedyr av noko slag. Den tredje grunnen er at det går fint å få to avlingar rødbeter, ein tidleg og ein sein – i alle fall her i Stavanger.

Fin fennikel “Fino”.

Fennikel 

Dette er også grunnane til at eg har snakka varmt om fennikel. Pluss at dei er utruleg vakre frå spire til ferdig knoll med vaiande frynseduskar. Og duftar så godt. Og er mykje saftigare enn dei du før kjøpt i butikken. Men trur du ikkje også fennikel gjekk i stokk i år! Ikkje alle, men rundt halvparten. Heldigvis sådde eg 2. runde i mai som nå veks fint saman med blomkål og brokkoli i det som for få veker sidan var potetbed.

Fennikel gått i stokk.

Gulerot 

Men i staden for å ergra meg lenge over at rødbeter og fennikel gjekk i stokk, gledar eg meg over at dette er fyrste året eg har lukkast betre med gulerøtene enn rødbetene. Blei rett nok temmeleg rare, men ungane syntes det var kjempekult!

William, mamma Marte og eg syns den langbeinte gulerota på sprang var den kulaste, Sofie var svak for den kvite.

Sellerirot

Eg priser eg meg også  lukkeleg over at sellerirøtene ikkje har gjort i stokk, for også dei planta eg ut i april. Og dei hadde det ikkje nytta å så på nytt! Dei treng nemleg laaaang tid frå bittesmå frø til ferdig knoll. Hadde vore ekstra synd om det hadde gått gale med desse, for eg fekk dei som små plantar frå ei veninne som heiter Merete. (Ho har ein eventyrleg hage. Ta ein kikk på Instragram: @hageni38). Men så passa eg godt på dei i maikulda også. Var ute og breidde på dei dyner!

Heile dette brettet med rotselleri og stangselleri kom Merete til meg med i vår.

Av Merete fekk eg også nokre stangselleriplanter. Dei har vakse seg store og  flotte,  men stenglane er hule! Det same har skjedd hos Merete. Ho tok det med godt humør: “Det viser bare at skinnet kan bedra. Fin og flott utanpå, og ingenting inni!”  Ho håpar nokre veit kva som kan ha skjedd. For me er begge skjønt einige om at det umogleg kan vera med som har gjort noko gale;)

Maikulda er den mistenkte.

Eg sådde nokre sjølv som eg planta ut eit par veker seinare, og dei ser ut som vanlege stangselleri med stilkar som det er noko å tyggja på.

Moralen er: Ikkje plant ut for tidleg. Du veit aldri kor kaldt det kan bli i mai.

LES OGSÅ:

DEI FYRSTE RØDBETENE ER KLARE, NAM, NAM

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

 



12 kommentarar om “Årets mislukka grønsaker”

    • Med løken, det var synd. Bare eit par av løkane mine som gjekk i stokk. Heldigvis ikkje fleire, for eg sette mange i år. Ser ut til å gå bra med andre runde fennikel.

  • “Godt” å høre, for mine rødbeter er også i beste fall store som druer, og knapt nok det. Gulbetene, som jeg har sådd for første gang i år, og som jeg hadde gledet meg sånn til å smake, har ikke snev av noen knoll nederst. Jaja, en trøst å vite at det ikke bare er meg!

    • Synd, for både rødbeter og gulbeter er jo kjempegodt. Gulbetene er søtare og mildare i smak. Går brukbart med mine gulbeter, sjølv om dei sturte lenge. Må rekna med litt opp og ned i hagen. Gjeld å gleda seg over det som går bra, og læra av det som ikkje går like bra og prøva igjen. Ingen år er like. Sjølv ikkje dei som har halde på lenge, får alt til alltid.

  • Kjekt å følgje bloggen din. Du deler mykje nyttig informasjon som er gull verdt for ein nybegynnar!! Då var det sikkert kulda i mai som har gjort det same med brokkolien min…den gjekk i blomst uten å lage hovud først. Lurte på om det kunne vera at den blei litt for tørr i drivhuset før den blei planta ut.

  • Alltid noe som går galt, godt at mye blir bra også. Her har det heller ikke blitt noe av rødbetene, har knapt blitt blad i det hele tatt, men tidligere har det gått fint. Ha en fin dag, hilsen Ingeborg

    • Tusen takk Ingeborg! Ja, det gjeld å gleda oss over det som går bra og læra av det som skjer seg. Trøyst at det er fleire som ikkje har fått til rødbetene i år. Me får prøva att neste år, men ikkje så for tidleg. Dei eg sådde rett ut seinare i vår, ser ut til å bli bra. Ha ein fin sundag!

  • Rødbetene sår jeg alltid rett ut, forsøkte, som deg å så inne og sette tidlig ut for noen år siden, men det gikk ikke bra. I år, sådde jeg rødbeter i mai og blir en enorm avling. Trolig fordi da slapp unna den omtalte maikulda vi hadde her helt i sør også. Her er det knutekålen som har vært “årets taper”, har ikke noen god forklaring på det, men den har ikke vært vellykket i år.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: