Fabelaktige solsikker

Fabelaktige solsikker

Eg har hatt solsikker i kjøkkenhagen kvart år. Årets sort er den beste eg har hatt. Heilt soleklart. “Sunspot” er namnet. Her skal du  få sjå mange bilete, pluss få gode solsikketips.

Dei fyrste åra hadde eg dei vanlege høge sortane, både gule, fleirfarga og røde. Flotte var dei, men skuffelsen stor då dei velta eller knakk i stiv kuling.

I fjor var eg så nøgd med “Suntastic Yellow with black center”, som var klargule og svarte i midten. Dei var kompakt og så låge at dei mest ikkje hadde stilk. Men det blei for lite solsikker. For låge, for små blomar, for sitrongule.

Fjorårets “Suntastic Yellow with black center”. Jenta heiter Sunniva.

Årets val derimot, tilfredsstiller begge krav: Den store solsikkeopplevinga, og såpass låge og kraftige at dei ikkje blir tekne av vinden.

Og blomane er svære, minst like store, om ikkje endå større enn på dei minst dobbel så høge “vanlege” solsikkene.

Endå ein fordel: Dei starta bløminga temmeleg tidleg til solsikker å vera, det vil seia til jonsok (St. Hans).

Skikkeleg kraftige… (Alle foto: Margunn Ueland)

Dyrketips

Eg planta dei ut som små den 18. mai. Eg hadde sådd eitt og eitt frø i små potter den 18. mars. For at dei ikkje skulle få lange og svake stenglar, flytta eg dei ut på terrassen i april, og tok dei bare inn i drivhuset på dagar og netter då temperaturen gjekk under 5 grader.

Grunnen til at eg føretrekk å så i potter for så å planta ut, er at då har dei større sjanse for å greia seg om det skulle koma ein snegel eller to forbi. Og det gjer det jo.

Dei fekk plass i næringsrik kompostjord framføre graskar og mais, og har blitt skikkeleg kraftige. He, he, sjekka nett frøposen. Der stod det at dei får solgule blomsterhovud som er ti centimeter store i diameter. Mine er vel dobbelt så store. Gjekk faktisk nettopp ut med ein linjal og målte: 21-23 centimeter var dei.

Fasinerande utvikling

Sjå koss dei utviklar seg frå knopp til blom (her kjem ein ein serie med fem bilete):

Etterkvart som dei blir eldre, blir frynsene mindre, og frøsenteret større og større:

Eg blir ikkje lei av å sjå på dei: Har du lagt merke til at ingen solsikkefjes er like? Dei har ulike uttrykk.

Då eg skar vekk eit stor avblomstra “hovud”, kom planten med mange små solsikker. Du ser det på biletet heilt i toppen av dette innlegget.

Eg trur ikkje eg vil gjera det med ei andre. Eg synes dei er flotte å sjå på når dei går til frø. Dessutan hadde det vore gildt å prøva å få solsikkerfrø som eg kan tørka og bruka i maten.

Uansett er dette ein sort eg vil prøva igjen.

Eg kjøpte dei på Europris. Frøfirma “Nelson Garden”. (NB! eg er ikkje sponsa!!)

LES OGSÅ: Solsikker som ikkje bles ned

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

 

 

 

 



2 kommentarar om “Fabelaktige solsikker”

  • Så kjekt å lese bloggen din. Akkurat ferdig med boka du. Nydeleg. Eg har ei stor solsikke i år. I fjor knakk den i vinden. Men, året før fekk eg ein gedigen blomst. Kva kan eg bruke frøa til? For å tenkje litt fram. I tilfelle den overlever.

    • Hei! Så kjekt at du har lese både boka og likar bloggen min! Det gledar meg. Takk skal du ha. Tørk solsikkefrøa, bruk dei som mat ( i brød og frukostblanding for eksempel) eller spar frø og så neste år.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: