Heilsteikt kylling med poteter, løk og urter

Heilsteikt kylling med poteter, løk og urter

Ikkje bare steikte poteter i denne forma, under ligg fennikel, sjalottløk, rosa løk og kvitløk. Masse krydderurter pluss sitron og eplemost måtte også til for å laga denne middagen som metta åtte personar.

Har du kjøkkenhage, gjeld det å nytta det du har. Ikkje noko smakar så godt som nyplukka grønsaker.  Nå har eg flust av fantastisk løk og poteter, og krukkevis med urter MÅ me jo bare ha i hagen (eller på balkongen).

Ofra litt av plenen for å dyrka dine eigne poteter, då vel!

Dette brukte eg:

  • 1 heil rå økologisk kylling på 2,5 kilo
  • 1 heil økologisk sitron
  • 1 heil kvitløk
  • 30 sjalottløk (har du kjøkkenhage, kan du fråtsa i sjalottløk…)
  • 2 rosa løk (ein sort gul løk, du kan bruka 1-2 rødløk)
  • 1 knollfennikel
  • 1 kilo poteter
  • 3 nevar hakka krydderurter til kyllingen: 2/3 av dette bør vera estragon, resten ei blanding av timian, mynte og rosmarin.
  • 100 gram meierismør
  • Endå meir krydderurter til poteter og løk: 2 nevar hakka rosmarin og timian, gjerne litt mynte også.
  • 1 flaske “Tou” eplemost
  • Salt og peppar
Rosa løk.

Framgangsmåte:

  1. Ta kyllingen ut av kjøleskapet ein times tid før du skal laga maten.
  2. Vask nypotetene, for all del ikkje skrell dei. Del dei i to.
  3. Skrell løk og sjalottløk,  del dei rosa (rød) løkane i to. La sjalottløkane vera heile.
  4. Del kvitløken i fedd, men du treng ikkje skrella.
  5. Del sitronen i 4, ikkje skrell han.
  6. Kutt vekk stilkane på knollfennikelen, del han i fire.
  7. Legg fennikel, halvparten av kvitløkfedda og sjalottløkane midt på ei langpanne.
  8. Legg poteter og løk rundt, dryss over med rosmarin og timian.
  9. Surr krydderurtene til kyllingen i smør nokre minutt.
  10. Tørk godt av kyllingen med tørkepapir etter at du har teke han ut or plasten og legg han i midten av langpanna. Putt sitron og resten av kvitløken inn i kyllingen og pensla han med kryddersmøret.
  11. Vask hendene og det som har vore i kontakt med kyllingen grundig. Me vil ikkje ha kyllingbakteriar på kjøkkenet.
  12. Kverna over raust med peppar, dryss på godt havsalt på både kylling og poteter.
  13. Putt langpanna i omnen og steik i om lag 1 time og 45 minuttar på 180 grader.
  14. Bruk gjerne steiketermometer. Kylling skal vera ferdigsteikt når det viser 68 grader – eg likar å steika litt til.
  15. Hell over ein slant eplemost to-tre gonger den siste tida av steikinga slik at du får “sjy” og potetene ikkje set seg fast i langpanna.
  16. I mens kyllingen steiker, lagar du ein grøn salat.
  17. La kyllingen kvila nokre minutt før du skjer han opp og legg på fat.
  18. I mens har du poteter, løk, fennikel og sjy i ei stor skål og vaskar langpanna.

SERVER MED EIN FRISK, GRØN SALAT:

Eg brukte grøne og røde salatblad, bladpersille, sukkererter, eple og graskarkjerner.

Sursøt dressing av limejuice, korianderolje (olivenolje går bra), raspa ingefær, litt lønnesirup eller honning.

Treng du oppskrift? Prøv denne.

Snadder. Ung, fersk sjalottløk.

Fekk du lyst til å dyrka sjalottløk, løk og poteter?  

LØK: GUL, RØD, ROSA, KVIT, GRØN

POTET: NULL BLØMING, MEN BRA AVLING

FÅ OPP POTETENE FØR TØRRÅTEN KJEM

SJALOTTLØK OG ZINNIA

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: