Årets beste tomatar?

Årets beste tomatar?

Nå er alle dei 13 sortane med tomat mogne – kva for ein skal eg velja som årets favoritt? Ikkje enkelt! Den flotte bifftomaten på oppslagsbiletet er “Blue Beauty”, verkeleg ein pryd for auga, men ikkje den beste på smak av bifftomatane.

Det var heilt klart “Amazone chocolat” – nei, han smaka ikkje sjokolade, men var saftig og svært smaksrik.

“Amazone chocolat”.

Nummer to på smak synes eg var “Sputnik” som var den som mogna fyrst av desse tre. “Blue Beauty” var den siste som blei klar.

“Sputnik”: Klar som eit egg til å bli eten til frukost.

Eg synes det er stas med ulike sortar: “Blue Beauty” blir ein nydeleg tomatsalat med rosa innmat/kjøt og blårødt skal, mens “Sputnik” er mørkare inni og har grøntonar i skalet.

“Blue Beauty” i selskap med oransje plommetomat “Mango” og gul salattomat “Bundewice” og den vesle “Sungold”.

“Amazone chocolat” har ein varm, nydeleg rødbrun farge, mest litt kobbaraktig når fullmogen, mens Sputnik er rødlegare.

Det var bifftomatane.

“Mango”, både produktiv, vakker og god på smak.

Av plommetomatene likar eg “Mango” best, både på grunn av smaken og den oransje fargen. Mango-smak? Ikkje akkurat det.

“Black Plum” var den andre plommetomaten. Ikkje svart nei, og plomme smaka han heller ikkje, men saftig og god. Eg er dessverre dårleg på å skildra smak.

Nyplukka “Black Plum” saman med mindre “Reverend Michael Keyes” og gule “Bundewice”.

Eg har to kirsebærtomatsortar i år år: Den røde “Sweetbaby” og den gylne “Sungold”.  Begge er eg særs godt nøgde med, men så langt har eg dyrka ingen som slår den søte, tropiske smaken til “Sungold”.

Desidert flest tomatar leverer “Reverend Michael Keys”,  – massevis av små, røde, ovale tomatar i tunge klasar.

“100 & 100’s” produserer også i mengder, men bittesmå tomatar.

Mange røde, men større frukter, har det kome på “Whippersnapper” som greier seg godt utandørs.

Pottetomaten “Vilma” blir det lite med, synes eg.

Den gule salattomaten “Bundewice” gjer seg godt i salatskåla, men kjem ikkje på  smakstoppen.

Tre på topp

Vanskeleg å velja – eg likar mangfaldet – dei ulike fargane, formene og smakene og veksemåten. Skal eg kåra tre på topp, blir det:

“Amazone chocolate”.

Bifftomat Amazone chocolat”

Kirsebærtomat “Sungold”

Plommetomat “Mango”

“Sungold”, søt og gyllen kirsebærtomat.

I valet av desse tre har eg lagt mest vekt på smak og utsjånad. Hadde produktivitet vore vektlagt meir, måtte eg ha hatt med “Reverend Michael Keys”.

Kva synes du er den beste av dei sortane du dyrkar i år?

LES OGSÅ:

DESSE TOMATANE MOGNA FYRST

13 TIPS FOR FRISKE OG FINE TOMATPLANTAR

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



8 kommentarar om “Årets beste tomatar?”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: