Nydeleg sommarstaude

Nydeleg sommarstaude

Haustanemone (haustsymre) heiter faktisk denne vakre stauden sjølv om han tek til å bløma alt i starten av juli og blømer ennå. Det er denne som flest fell for når dei er på besøk på seinsommaren. Lett å forstå, for dei bleikrosa blomane med gule støvberarar er jo vakker – både på nært hald og på avstand.

Knoppane er også så fine, runde knoppar i toppen av stive, høge stilkar.

Haustanemone har også den fordelen at bladverket er friskt, fint og mørkegrønt både før og etter bløming. Ein del andre stauder får litt stygge blad etter bløming.

Eg er også glad i denne fordi eg fekk han som ein liten rotklump av faster Velaug for rundt 25 år sidan. Det gjekk nokre år før han verkeleg blei til noko, men så, når han fyrst hadde etablert seg og likte seg, blei han større og større år for år, og slik held han på framleis.

Til minne om faster Velaug som alltid var så snill.

Heldigvis planta eg han på den perfekte staden: I god jord i enden av  bedet der bjørk og rogn kastar lett skugge. Godt drenert. For haustsymre likar ikkje å stå i for blaut jord om vinteren – og her regnar det mykje – men kan heller ikkje fordra å tørka ut om sommaren.

Heldigvis fordi denne stauden helst vil bli ståande i fred i motsetning til mange andre stauder som helst bør delast og omplantast med jamne mellomrom.

Min største haustanemone har stått på same plassen heile tida.  Dei fyrste åra var eg glad han bare blei større og større og finare og finare, dei seinare åra synes eg han har spreidd seg vel mykje.

Men då er det bare å spa opp nokre røter og planta andre stader i hagen eller gje bort. Slik har eg fått ei anna stor tue i den andre enden av bedet.

Haustsymre er også blikkfang i den andre enden av bedet. Stornøkketunge (oransje) gjer mykje av seg, og blømer vidare når haustsymra er ferdig.

Bare, bare, fru Blom. Sidan denne har lange pelerøter (som ei lang, tynn, kvit gulerot), er det ikkje lett å få opp heile røter. Ofte brekk dei av. Dermed kan det vera  vanskeleg for den glade mottakar å få dei til å etablera seg, og hos meg veks nye tuver ut att frå rotbiten som blei liggjande att i jorda.

Så tenk deg nøye om kor du vil ha denne før planting og smør deg med tolmod.

Skal du planta nå sommarstid, vatna grundig, og gje gjerne eit lag med kompost. Eg klypper også ned mykje av stilkane og bladverket når eg flyttar ein staude, slik at planten kan konsentrera seg om rotveksten den fyrste tida og unngå fordamping frå blada.

Dei store plantene mine skjer eg ned om hausten etter frosten har farga blada gråsvarte. Bladverket hamnar sjølsagt i komposten. Og til våren får staudene det tilbake -eg gir dei eit toppdekke av kompost.

Frå vår til vinter

I staudebedet mitt fyller haustanemone “tomromet” etter den rike junibløminga med iris, storkenebb og peonar og før seinsommarstauder som floks, nøkketunge, prestekrager og praktryllik slår til.

LES MEIR:

Staudebed? Då må du ha storkenebb.

Iris

Staudebedet i mai.

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: