Lag god jord i pallekarm og plant salat

Lag god jord i pallekarm og plant salat

Her skal eg visa trinn-for-trinn med foto koss eg dyrkar salat i pallekarm samtidig som eg lagar ny, god jord. Dette er god måte å kompostera på – særleg smart for dykk som ikkje har kompostbinge.

Utgangspunkt: Ein dobbel pallekarm halvfull med jord og hausteklare grønsaker – hos meg var det fennikel, vårløk og afrikansk grønkål:

Når grønsakene var tekne opp, såg karmen slik ut:

Tidleg i vår hadde eg fylt karmen med masse organisk materiale (lagvis brunt og grønt), og toppa med kompostjord.  Nå var mesteparten av det organiske materialet blitt til jord, altså hadde massen sunke saman/minka.

Neste trinn var å ta av den øvste pallekarmen og spa ut molda. Eg stoppa når eg kom til det nederste laget av lauv som ikkje var omdanna ennå.

Legg så på den øvste karmen att, og fyll oppi med planteavfall. Eg brukte hovedsakleg potetris som eg kappa opp med ein sigd:

Dernest la eg på eit lag med halvrotna lauv, sjå her:

Tømde så oppi eit lag av jorda eg hadde grove ut.

Så helt eg i ei bøtte med Bokashi-kompost.

Eit tjukt lag med jord oppå Bokashi-komposten.

Ei skål med fin skjellsand, trakka litt rundt:

Endå ein balje med utgroven jord på toppen, så var pallekarmen klar:

I karmen planta eg 13 små salatplanter (pluggplanter), 1 syresalatplante “Red Sorrel” og tre små pottetomatar som eg var lei av å måtta vatna ofte i drivhuset. Dette var den 13. juli. Det gjekk ikkje lenge før me kunne plukka salat. NB! Ikkje haust heile salathovud, plukk av dei ytterste blada, så veks nye ut. Nå ser pallekarmen slik ut:

Har du ikkje salat å planta ut, kan du nå så plukksalat, vintersalat, rukkola, spinat, reddik, koriander. 

Attpåtil hadde eg 2 store murarbaljar igjen med god kompostjord som eg kan bruka til andre prosjekt. Seint i haust, etter at salaten har teke kvelden, kjem eg til å gjenta mesteparten av denne prosessen: Grava ut det øvste laget som har blitt til jord og fylla den doble pallekarmen med planteavfall. Eit lag jord på toppen, gjerne toppa med lauv. Så får eg jord til overs som eg kan spara til våren.

Seriedyrking 

Salaten er grøde nummer 3 i denne karmen. Grøde nummer to var altså afrikansk grønkål, vårløk og fennikel. Grøde nummer 1 var asiatisk bladkål pakchoi.

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



10 kommentarar om “Lag god jord i pallekarm og plant salat”

  • Så flott! Kjempebra beskrivelse. Jeg skal prøve i mine pallekarmer da jeg ikke har plass til kompostbinge i min lille hage. Jeg har innsett at kjøkkenhagen min er såpass “spinkel” på grunn av den dårlige jorda jeg har i min hage. Det får bli høstens prosjekt å “pusse opp” i pallekarmene! Lurte litt på Bokashi. Kan det være et alternativ når jeg ikke har kompostbinge? Hiver du alt oppi der? Står den på kjøkkenet? Lukter det? Fluer? Kanskje du kunne skrive litt om dine erfaringer om det?
    Hilsen Anne

    • I Bokashibøtta har eg matavfall frå kjøkkenet. Står i eit skap under vasken. Luktar ikkje når loket er på. Men det i bøtta luktar surt. Ikkje fluer. Når bøtta er full, må ho stå to veker i romtemperatur (då tek eg fram den andre bøtta, eg har to). Etter to veker grev eg ned avfallet i bed eller pallekarm. Blir fort til jord. Blir masse mark i den jorda. Eg samlar matavfallet i ei isboks og har i bøtta ein gong til dagen saman med 1 ss “strø” som du kjøper saman med bøtta. Sjå meir på bokashi.no

  • Bokashi er fantastisk. 🙂 Og jeg liker også seriedyrking. I morgen skal jeg i gang med runde nummer tre i fire av karmene mine. Blir mye godt grønt i løpet av høsten (og drister jeg meg også til å si vinteren…).

    • Einig! Runde nummer tre i fire karmar, så bra! Kva sår og plantar du nå? Eg sådde spinat, ruccola og asiatisk kålsalatmix sist helg i pallekarmane der eg tok opp gulerøter. Sådde også reddik der det var litt ledig plass i eit bed.

      • Sår faktisk mye av det samme som du nevner,, denne gang både måneds- og vinterreddiker.. Prøver for øvrig for første gang asiatisk mix fra Impecta, den har jeg forventninger til, 🙂 I tillegg en del vintersalat. Satser på en flott høst og uten Knud, som meide ned en del i fjor…

        • Hei, så kult! Vinterreddik høyrest lurt ut. Takk for tips. “Knud” ja, uff, vil ikkje ha det i år. Men mykje regn denne helga og i dagane framover. Ja, ja, slepp å vatna. Under tørken i fjor sommar lova eg vergudane at eg aldri meir skulle klaga på regn om det kom regn….

    • Så fantastisk. Jeg har aldri prøvd meg på seriedyrking før. Har alltid tenkt at når reddikene er ferdige i juni så er reddik-sesongen over. Og når potetene er tatt opp står bare karmen der til neste år. Men det krever vel at du i god tid på forhånd sår i potter? Det er vel ikke mye du kan så ut i bedet nå som blir ferdig før voksesesongen er over?

      • Hei! Kjem litt an på kor du bur. Det meste har eg sådd på førehand i brett og potter ja. Men spinat, rukkola, asiatisk bladkålsalatmix og reddikar – og faktisk koriander – har eg sådd nå. Satsar på det går bra. I det som var løk- og potetbed veks nå ulike slag kål, fennikel og sylteagurk++ som eg sådde i mai

  • Hei, jeg er helt nybegynner i dette med dyrking og finner masse informasjon på bloggen din. Tusen takk for masse nyttige og inspirerende tips. Jeg lurer på hvorfor du bruker skjellsand og kan man bruke knust eggeskall oppi?

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: