Tid for å hausta bondebønner

Tid for å hausta bondebønner

Kva tid er bondebønnene klare? Et du belgen eller bare bønnene? Koss et du dei? Kva brukar du dei til? Kan dei frysast? Spørsmål om bondebønner haglar inn, her får du svar.

Du et ikkje belgen, bare dei nyreforma bønnene.

Ja, du kan eta dei rå (i motsetning til andre bønner), men eg synes absolutt dei smakar best varmebehandla.  Jo større og eldre bønnene blir, jo bitrare synes eg smaken er når dei er rå.

Det enklaste er å bare koka dei opp i vatn med litt salt. Treng ikkje meir enn eit par minuttar. Server med ein skvett god olivenolje eller ein klatt smør, litt salt og peppar og gjerne eit urtedryss.

Runde sjølve bønna er det ei tynn, lys hinne. Denne kan du eta, eller du kan skvisa bønnene ut av hinna. Opp til deg, koss du synes det smakar og kva du gidd. Kjem også an på kor ferske bønnene er. Hinna blir seigare etter kvart.

Du kan servera bondebønner som forrett – bare ein tallerken ferske bondebønner er jo herleg – eller som siderett. Sleng gjerne nokre nevar bønner i suppa, på pastaretten, i wokken, i salaten, osv. Bruk fantasien, prøv deg fram.

Mos og hummus kan du også laga.

Ja, dei kan frysast. Då pillar eg dei fyrst (tek bønnene ut or belgen).

Kva tid er dei klare: Belgane blir store og tjukke, klem lett på dei og du vil kjenna  sånn nokonlunde kor store bønnenene er. Eg pleier å la dei blir minst like store som nagla på tommelfingeren. Men det er opp til deg: Det går fint å eta dei når dei er mindre. Men plukk dei mens belgen er frisk og grøn.

Er du i tvil om kor store dei er, opna ein vel! Og nyt synet av bønnene der dei ligg på silkemjuk “vatt”, mest som dyrebare smykker i eit skrin…. Hugs endeleg å stryk fingeren over den kvite, mjuke innsida på belgane.

Meir om tidspunkt: Eigentleg har me kunna plukka bondebønner i fleire veker nå – nabo Marte har vore flink til å plukka litt nå og då til middagen, men eg har venta for mannen min er ikkje spesielt glad i bondebønner. Det er derimot dotter mi, Mari. Så då ho kom heim på besøk med sin elskede Glenn, måtte me jo ha bondebønner. Bare til ein forrett, hadde eg tenkt.

Men då oppdaga eg at den eine kraftige stengelen etter den andre hadde lagt seg og var i ferd med å kvela dei stakkars purrepistrene som eg hadde gløymt at eg putta ned i kvar kant av bedet. Og purre er  eg meir glad i enn bondebønner, så purren måtte reddast. Dermed kutta eg ned fleire trillebårlass bondebønnestenglar, og Mari og Glenn måtte ikkje bare pilla ei skål, men ei til og ei til og ei til….

Det går fort å plukka bondebønnene, dei heng nærmast i klasar tett i tett på stive stenglar. Pilling derimot, tek lenger tid…

Sidan eg var så ivrig med å redda purren, heldt eg på å gløyma at eg burde la nokre stå att til belgane tørkar slik at eg har bønner til å så neste år. (Ta dei inn, tørk litt til, plukk ut av belgen og putt i ein papirpose i kjøleskapet).   Eg kom fyrst på det når det sto nokre pisker att. Men den gjævaste sorten, den rødblomstra “Crimson Flowered” hadde me både plukka og pilla….

Fyrst vakre blomar, så belgar. Den røde er sorten “Crimson Flowered”.

LES OM DYRKING AV BONDEBØNNER HER:

BONDEBØNNER PÅ TRE MÅTAR

MIRAKELBØNNENE

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

 

 

 



4 kommentarar om “Tid for å hausta bondebønner”

  • Jeg tar ikke av hinna på bondebønnene, for da blir det så lite igjen. Jeg renser og fryser de. Deretter tar opp alle posene og koker de sammen med en røkt svineknoke og masse grønn løk fra frysern. Tar ut bein og kjører alt i kjøttkverna. Da har jeg en smakfull pure i porsjoner i frysern som jeg bruker til middag, i gryteretter, kjøttsuppe , lasagne osv. Mat er kreativt! Men jeg gjør faktisk mere. Jeg slakter kaninene våre når de er utvokst, koker også de sammen med røkt svineknoke og kan blande i pureen – alt økologisk, kortreist og klimavennlig kjøtt. Kaninene er i luftegård om dagen, og ellers i spisebur med revnetting i bunn utenfor alkoven. Burene flytter vi bortover marka, så de både gjødsler og slår gresset. De får litt grove brødskalker om kvelden. Barnebarn og nabobarn triller søte små kaniner i dukkevogner og koser med de hver dag. Kaniner er sosialt!

    • Hei! Takk for tips! Det må eg prøva, for eg har også grøn løk i frysa. Men kaninanar har eg ikkje… Smart opplegg du har! Er sikker på barnebarn og nabobarn elskar det!

  • Hei Margunn!:) har testet bondebønner (med suksess!) i år etter å ha blitt inspirert av deg. Har lyst å prøve å ta vare på noen bønner for å plante neste år. Når tar du «frø» fra dine bondebønner?

    • Hei! Så gøy! Ja, lurt å ta frø frå eigne planter. Eg tek frø frå store belgar med store frø. Let dei vera på planten til dei tek til å tørka. Kan vera problem her når det høljeregnar dag etter dag. Tok faktisk inn belgar i sist veke og la dei til tørk inne.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: