Få opp potetene før tørråten kjem

Få opp potetene før tørråten kjem

Varme og fukt på seinsommaren gjer at potetene er utsette for å få soppsjukdomen tørråte. Du ser det på at blada får gråsvarte flekkar. Det gjeld om å ta dei opp før den tid. For me vil jo ikkje at sjukdomen skal spreia seg.

Tørråtefaren er ein viktig grunn til at eg føretrekk å setja sortar som blir ferdige tidlege,  som “Arielle”.  To andre tidlege sortar eg har prøvd med godt resultat, er “Solist” og “Carolus”.

Men fordi me ikkje skal eta alt på ein gong, synes eg det også er greitt å ikkje ta opp alt på ein gong. Potetene held seg betre i jorda enn i kassar i garasjen.

Men etter alt dette regnet, hadde mykje av potetriset lagt seg og bladverket som blei liggjande nederst begynte å gulna. Kjempeplass for sneglar! Då var det bare å skrida til verket og få dei opp. Dessutan hadde eg grønkålplanter ståande i kassar som trong meir plass.

Grønkålen i tre slike røde kassar fekk overta etter potetene i bedet bak. Til venstre: Sommarblom Zinnia. Bak til venstre: Pallakarmar med ringblom og gulerøter. Til høgre for potetene: Jordskokk. Sukkertene i klatrestativet er ferdige, eg har klyppa ned dei fleste og sådd nye.

Sidan desse potetene blei sette i eit bed som ikkje får like mye sol som dei andre, kom dei derfor seinare opp (dvs. bladverket kom seinare opp or jorda enn i dei andre beda). Derfor trudde eg dei trong meir tid på seg for at dei skulle bli mange og store. Det viste seg at dette var dei største potetene av alle. Kanskje det var ei ekstra varm veke og regn som gjorde susen.

Nei, heller ikkje desse potetene blomstra i år, men avlinga var altså god for det både her og i dei andre beda. 

Fabelaktig

Eller kanskje kompostjorda var ekstra god her? Bedet laga eg i fjor vår. Utgangspunkt: Tørr sand i Leikeplasshagen. Oppå lessa eg fyrst eit tjukt lag med halm, så masse grov kompost (tømde varmkompostbingen) lagt lagvis med halvrotna lauv og gamal hestemøkk. I dette planta eg mais i fjor- og maisen blei kjempehøg. Maisen fekk eit skikkeleg tjukt jorddekke av gras.  Eg kutta ned maisen etter haustinga, men let dei kraftige røtene stå att i jorda.  I oktober lessa eg på nytt lag med grov kompost pluss lauv. I februar i år: Nytt lag med gamal hestemøkk pluss topplag med kompost.

Jorda i dette bedet nå er bare fabelaktig. (Sjå video på Facebooksida Margunns kjøkkenhage).

Her skal nå grønkålplanter få kosa seg heile hausten og vinteren.  Det einaste eg tilføyde då eg planta dei ut, var nokre nevar fin skjellsand til kvar kålplante.

Her kan du lesa kva eg har planta ut i dei andre potetbeda:

DETTE HAR EG PLANTA UT ETTER POTETER OG LØK

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

 



4 kommentarar om “Få opp potetene før tørråten kjem”

  • Hei Margunn! Jeg tok et utskrift av denne potetbloggen, og det kom 9 sider, hele innlegget (prøv selv) hvorav 5 sider er overflødige, det må du gjøre noe med!

  • Syns det er litt tidlig å ta opp potetene nå – og det er jo tørt og fint vær. Jeg satte de tidlig og forgrodd, og grønngjødslet. Ser at flere trenger å vokse litt til. Jeg vanner litt med brenneslevann nå. Høstferien er jo egentlig potetferie, men tar de opp før. Veldig kjekt å lage hugelbedd, med døde tregreiner i bunn, lauv oppå, jord og tang og gress på toppen, klar til neste vår! Så legger jeg nye døde tregreiner mellom de nye bedda, for tørt å gå på.

    • Hei! Eg tok dei opp fordi me fekk mykje regn og meir skal me få, pluss at eg trong plassen til andre grønsaker. Dessutan var det tidlegpoteter. Ja, hugelbed er kjempekjekt! Funkar supert! Dei fleste beda i leikeplasshagen er laga som det. Eg har flis i gangfelta.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: