Avslappande juice med squash og sitronmelisse

Avslappande juice med squash og sitronmelisse

Eg likar å eksperimentera. Spanande å prøva ut nye kombinasjonar av det eg nett har plukka inn frå hagen. Grøn juice drikk eg vanlegvis om morgonen. Men nå stod eg her med ein bunt bladkål og klokka var 22. Aha! Sitronmelisse. Fin urt for avslapping og god søvn. Vanlegvis brukt i te, men ville sitronmelisse i juice gjera meg til Tornerose?

Eple og sitron er alltid godt i juice, og agurk eller squash byr på masse væske. Squashen er søtare på smak enn agurk. Søt? Ja, nyplukka squash frå hagen er det. Ingefærrot gir drikken eit piff.

Oppskrift:

  • 1 stor bunt kål (eg brukte fleirårig kål, du kan bruka blad frå vanleg sommarkål eller grønkål)
  • 2 økologiske epler
  • 1/2 økologisk sitron med skal
  • 1 mørkegrøn squash
  • 1 bunt sitronmelisse
  • 1 cm ingefærrot
  • 1,5 dl vatn

Køyr alt gjennom juicaren – eg brukar sentrifugejuicar. Best å drikka nylaga. Eg drakk eit glas og helte resten på to små flasker. Fyrst blei oppkvikka, men etter halvannan timar blei augneloka tunge. Om natta sov eg som ein stein.

Denne juicen blei veldig grøn både på farge og smak. Vil du ha mindre grøn smak, bruk mindre kål og meir eple.

Flott plante, denne fleireårige kålen! Dette biletet tok eg i juni.

Kålen eg brukte er den fleirårige sorten “Chou d´Aubenton”. 

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



2 kommentarar om “Avslappande juice med squash og sitronmelisse”

  • Hei, så spennende med den grønne juicen.
    Jeg er så kvalm om morgenen, har du forslag til juice og smoothie for dette?

    • Hei Astrid!
      Ingefærrot er godt mot kvalme. Prøv f.eks gulrot, ingefærrot, eple og sitron. Eller grønkål, ingefærrot, eple, lime. Prøv gjerne også grøn juice med mynte. Du kan også putta ingefærrot i smoothie. Prøv frosen ananas, banan, ingefærrot, grønkål, sitron (og vatn).

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: