Løye med løgne gulerøter

Gratis forretningsidé til gulerotdyrkarar: Gulerøter i rare fasongar. Blir garantert ein salssuksess i småbarnsfamiliar. Var i alle fall ingen tvil om kva gulerøter Sofie og Wiliam syntes det var mest gøy å dra opp: Dei som ikkje såg ut som vanlege, rette gulerøter. Så morosamt det går an å ha det bare på grunn av ein pallekarm og eit par posar med gulerotfrø!
Det tok meg tre minutt tidleg i vår (var faktisk i slutten av februar!) å breiså ein pose “F1 Sugarsnax 54” i karmen som eg hausten før hadde gjort klar med planteavfall i botnen, så grov kompost som eg blanda med sand.
Både eg og ungane i gata har venta tolmodig, men nå var me spente: Var gulerøtene klare? Såg sånn ut med kraftig, mørkegrønt frynsete bladverk, og nokre oransje toppar stakk opp or sandjorda.

Willam ville fyrst: Han halte og drog, det var visst ei svær ei! Jepp, så svær at ho knakk. Storesyster Sofie ville visa koss det skulle gjerast: Var visst gjenstridig gulerota hennar også. Ho påsto det var som om å dra opp ein stor fisk. Svupp! Der slapp gulerota taket. Ei lang ei!
Sofie hausta vidare i den eine enden, William flytta seg til den andre: Så kom det eine ivrige hylet etter det andre: “Sjå denne!” For William sine var jammen rare: Vridde i enden, med to bein, med to bein og tissefant! Kjempeskoi! Og så spennande: Korleis ville den neste gulerota sjå ut?

Sofie fekk opp farten. Ho ville også finna slike gulerøter. “Æhh, bare heilt vanleg”… Ho blei rett og slett skuffa då ho fekk opp nok ein streiting. Men så: Ei kvit gulerot! Og ei rund og tjukk!
“Me har konkurranse om kven som finn dei løgnaste gulerøtene”, fann dei ut. Den eine gulerota etter det andre hamna i ei bøtte med vatn, lauvet brekte dei av og kasta i ei anna bøtte. For det har dei lært: Avfall komposterer me slik at me får jord til å planta og så i. Mamma Marte kom og var med: Ho tok til sides ein fin mørkegrøn bunt som ho skulle laga pesto av.

Det var langt over leggetid, ungane var slett ikkje leie. Men nå måtte det avsluttast: Opp på bordet med gulerøtene: Opptelling og utpeiking av dei kulaste gulerøtene. Det blei så vanskeleg å kåra ein vinnar, at det enda med at dei peika ut tre kvar.

Smaka måtte me sjølsagt. Me knaska jammen i oss 20 gulerøter på ti minuttar mens me kikka på videosnuttar eg hadde teke av opptaket, skratta og lo og tok gulrotselfie. (Du kan sjå nokre av videoane på Facebooksida Margunns kjøkkenhage og på Instragram @margunnskjokkenhage)
“Eg vil ta opp gulerøter i gebursdagsselskapet mitt”, sa Sofie. Kjekkare selskapsleik kunne ho ikkje tenkja seg.

Knallgode var gulerøtene, som eg forresten ikkje er sikker på om er “F1 Sugarsnax 54”. For det gjekk jo både veker og månader før gulerøtene spirte. Derfor var eg ute ein gong til (i april?) med ein pose eller to gulerotfrø til. Hugsar dessverre ikkje kva sort det var…
Det passa utmerka å ta opp gulerøter den kvelden. Ikkje vind, ikkje sol og så kom regnet. Tynnar eller tek du opp gulerøter i sol og vind, kjenner gulerotflugene lukta, kjem fykande og legg egg. Då får du larver som gneg på gulerøtene. Du ser det som brune “gangar” på røtene.
Dei me tok opp, var frie for den slags. Hurra!
Det er fleire gulerøter att i karmen. Me fekk ikkje tid til å ta opp alle, dessutan er der sikkert fleire ungar i gata som har lyst på…
PS: “Løye” betyr gøy, artig, morosamt. “Løgne” betyr rare, merkelege, morosame.
LES OGSÅ:
EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:
- Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
- Trykk på FØLG MEG-knappen.
- Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.
Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.