Lag deg ein bærhekk!

Lag deg ein bærhekk!

Kva har du mest lyst på: Jordbær, rips, solbær, stikkelsbær, blåbær eller thuja? Eg og ungane i gata var aldri i tvil: Me ville ha bærhekk.  Det har me aldri angra på.  For hekken byr på mange gleder frå tidleg om våren til seint på hausten. Ikkje treng me ta fram hekksaksa heller! Bare spann til å plukka bær i.

Det var tidleg om våren i 2017, den overgrodde, gamle leikeplassen skulle gjerast om til kjøkkenhage. Ut mot gata -eit strekk på om lag 14 meter, hadde me reve opp eit buskas. Her passa det med hekk.

Naboane kjøpte bærbuskar, ungane fekk velja kva dei ville ha.

Dei kom tilbake med desse:

  • 4 blåbærbuskar, sortane “Pioner” (2), “Northland”, “Goldtraube 71”.
  • 1 rød stikkelsbær “Hikkomanen”.
  • 1 grøn stikkelsbær (veit ikkje sort).
  • 2 rips “Rød Hollandsk”.
  • 2 solbær “Titan”.

Eg planta. Jorda var skrinn og elendig, men bak huset var kaldkompostbingen full av halvrotna lauv, så eg pøste på med det pluss sauegjødsel frå bror min.

Som store markjordbær…

Frå min ven Øyvind hadde eg fått nokre jordbærplantar, dei planta eg mellom bærbuskane. Sidan har dei grodd som bare det – og dekkjer nå botnen i heile bedet. Ikkje så store bær, men søte og gode.

I den eine enden av bedet planta eg ein stikling av aroniabær frå Øyvind og tre små pepparrøter. Oppføre: Tre rabarbraplanter frå farmor til naboungane.

Under buskane putta eg også ned massevis av avblomstra påskeliljer som Haaland hagesenter hadde tenkt å kasta. Heldigvis spurde Walter Haaland om eg ville ha dei. Dei blir til eit gult teppe om våren – før jordbæra veks til. Når påskeliljene visnar, blir dei dekka av grøne jordbærblad og søte, kvite jordbærblomar. Ugraset slepp ikkje til.

Det fyrste året – før jordbæra hadde vakse seg kraftige – dekka eg bedet med gras om sommaren, kompost om hausten og flis (ikkje dekkbark) tidleg neste vår.

I år blir det godt med blåbær.

Blåbærplantene likar sur jord – så dei fekk kvar si bøtte av barnåler det fyrste året. Barnålene raka eg under granhekken til naboen.

Sidan har eg ikkje gjødsla, og det einaste stellet har vore å klyppa vekk greiner som kryssar kvarandre på bærbuskane (tidleg på våren) og fjerna utskot (“løpere”) på jordbærplantene både ein og to og tre gonger i året.

Nam, nam!

Nå står buskane fulle av bær.  Fyrst ute var solbæra, så rips og stikkelsbær.  Røde jordbær har også vore å finna under bladverket ei god tid nå. Sist ut er blåbæra.

“Rød Hollandsk”.

Rabarbraen har me hausta jamnt og trutt av sidan i vår.

Dette blir fyrste året det kjem bær på Aroniabusken.

Hadde bærnett over i fjor sommar, men fekk lite lyst på å gjera det same i år etter at ein fugl sette seg fast i nettet i fjor.

Gledene er ikkje over når bæra er oppetne: Til hausten skiftar blåbærbuskane til flammande fargar.

Tidleg på hausten er ei god tid å planta bærbuskar på. Ikkje mykje arbeid, og du får masse å gleda deg over i årevis!

Treng sjølsagt ikkje vera hekk. Bærbuskar kan du planta over alt. I min eigen hage spadde eg opp eit tilhengarlass med stauder for tre år sidan for å planta bærbuskar. Har ikkje angra på det.

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

 

 

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: