Kjøkkenhagesalat med jordbær og tomat

Salat med masse godt i er deileg på solskinsdagar. Her er endå ein salat som blei til etter ein runde i kjøkkenhage og drivhus.
Dette brukte eg:
- 2 nevar rødleg salat
- 4 unge grønkålblad
- 1 neve syreblad (“Red Sorrel”)
- 1 liten gul squash
- 3-4 nevar sukkererter (med belg)
- 15 små tomatar
- 15 små jordbær
- 1 dusk fennikel
- 1 neve bladpersille
- 1 liten rødløk med grøn stilk
- 1 avocado
- 1 båt lime (eller sitron viss du ikkje har lime)
- 1 neve graskarkjerner
- 1 ringblom (eller andre blomar som kan etast)

Slik gjer du:
- Vask og spinn salat, syreblad og grønkålblad.
- Riv salat i store bitar med hendene.
- Riv grønkålblad i mindre bitar, masser dei (ja, masser dei) med litt olivenolje og legg merke til kor mjuke dei blir!
- Hakk løk. persille og fennikeldusk.
- Skjer sukkererter i bitar og squash i skiver.
- Del tomatene i to.
- Del avocadoen i to, ta ut steinen og ta ut fruktkjøtet i passelege bitar med ei skei. Skvis over limejuice.
- Bland blad og urter.
- Ha oppi resten, spar gjerne jordbær, tomat og ringblom til slutt (ha på toppen av salaten).
Dressing? Blei sjølvsagt den dressingen eg har dilla på for tida:
Dressing:
- 1 lita ts raspa ingefærrot
- Juice frå 1/2 lime
- 1 ts lønnesirup
- 2 ss korianderolje (eg har laga sjølv, du kan bruka olivenolje, gjerne også litt hakka koriander).
Bland alt, hell over salaten.
HER ER OPPSKRIFT PÅ FLEIRE SOMMARSALATAR:
SPRØ SUKKERERTSALAT MED ASIATISK VRI
KNASKESALAT MED KNUTEKÅL, EPLE, URTER OG VALNØTTER
LES OGSÅ:
EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:
- Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
- Trykk på FØLG MEG-knappen.
- Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.
Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.