Desse tomatane mogna fyrst

Desse tomatane mogna fyrst

Nye sortar mognar mest kvar dag i drivhuset nå. Eg blei faktisk overraska over at ein av bifftomatane blei mogne om lag samstundes med dei små potte- og ampeltomatane. Her er dei ni raskaste i denne rekkefylgja:

1. Pottetomat Vilma:

Vesle “Vilma”.

2. Ampeltomat “100’s  1000’s” som får mange bittesmå frukter:

“100’s &1000’s”

3. “Whippersnapper”:

“Whippersnapper”. Dette biletet tok eg den siste veka i juni.

4. Bifftomat “Sputnik” (men denne står også i det hjørnet av drivhuset som får mest sol):

“Sputnik”: Klar som eit egg til å bli eten til frukost. Saftig og god.

5. Kirsebærtomat “Sweetbaby”:

“Sweetbaby” (som det viste seg eg hadde merka feil. Namnet er altså Sweetbaby, ikkje Sweetberry Cherry som eg har skreve på merkepinnenen).

6. Tomat “Bundeswice”

Gule “Bundeswice”.

7. Multifloratomat “Michael Reverend Keys”:

Flest tomatar pr. klase er det utan tvil det på “Reverend Michael Keys”.

8. Kirsebærtomat “Sungold” som smakar søtt og tropisk. 

Tre gylne “Sungold” i ei skål med “Sweetbaby”, “Vilma”, “Whippersnapper” og “100’s &1000’s”.

9. Plommetomat “Black Pum”:

Nyplukka “Black Plum” saman med mindre “Reverend Michael Keyes” og gule “Bundeswice”.

Bifftomat “Amazone Chocolate” og “Mango” er  heller ikkje langt unna.

Den som ser ut til å ta lengst tid, er bifftomaten “Blue Beauty”.

Plantene står i drivhuset, men “Vilma” og “Whippersnapper” flytta ut for om lag to veker sidan.

Eg sådde den 25. februar, bortsett frå “Vilma” og “Reverend Michael Keys” som blei sådde tre dagar tidlegare.

LES MEIR:

Om såing og sortar, status i starten av mars

Om prikling og 1. ompotting. Status i starten av mai

Om 2. ompotting og vidare stell. Status i starten av juli

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: