Pasta med persille og Ramazotti

Pasta med persille og Ramazotti

Mannen min har alt vore ein tur i Italia ,og har bestilt ein ny. Eg då? Blir her. Har ikkje lyst å reisa frå hagen. På denne tida! Utenkeleg. Får leika litt Italia her. Så i går kveld blei det persillepasta for tredje gong denne sommaren.  Yndlingsspaghettien til mannen. Det passar jo godt, for bladpersillen veks som bare det, og i drivhuset mognar den eine tomatsorten etter den andre.

Her til lands er det nok tomat&kjøttdeigsaus som er det vanlegaste. I Italia derimot, er dei aller fleste pastasausane utan kjøttdeig. Og som alle italienarar veit: Er råvarene ferske og gode, blir maten god utan at du treng dilla og dalla. Etter mitt hjarta.

Greit å kunna gå ut i hage og drivhus og henta inn ein stor bunt bladpersille og tomatar som nettopp har mogna.

Ingrediensar: 

  • 6 kvitløkfedd
  • 1 diger bunt bladpersille. Så stor at du må bruka begge hendene for å halda rundt. Ok då, eg måler opp: 6 dl hakka bladpersille. NB! BLADpersille, ikkje kruspersille. Bladpersille er myke betre i matlaging. (Kruspersille kan du ha til pynt).
  • 1/2 rød chili, ta ut frø
  • 20 kirsebærtomatar
  • 1 dl god olivenolje. Jepp, 1 dl. Minst.
  • Eventuelt litt parmesanost til å raspa over. (Mannen tok med frå Italia).
  • 150 gram spaghetti (fullkorn)
Bladpersille spelar hovedrolla i denne retten. Du må vera raus med olivenoljen.

Framgangsmåte: 

  1. Sett på italiensk musikk, helst Eros Ramazzotti “Cose della vita”.
  2. Hakk bladpersillen på ei stor skjerefjøl.
  3. Rens og skjer chilli og kvitløk i skiver.
  4. Del tomatane i to.
  5. Kok opp rikeleg med vatn med 2 ts havsalt.
  6. Ha kvitløk og chili i ei stor panne med all oljen i kald panne. Skru på varmen.
  7. Når kvitløken tek til å fresa, skru ned til middels varme. Etter om lag 1 minutt, ha i persillen.
  8. Når vatnet fosskokar, har du i spaghettien.
  9. Mens spaghettien kokar, rører du i pastapanna. Persillen vil “krympa” og mørkna og bli blank. Absolutt ikkje brun. Skru ned varmen litt.
  10. Ikkje overkok spaghettien, han skal vera tyggefast. NB! Når han er passe kokt, skal du ikkje sila av pastaen i eit dørslag. Ta han opp med ei pasta-ause og legg over i persillepanna. Bare greitt at det fylgjer med litt vatn, så sper me ut persillesausen litt.
  11. Ha i flesteparten av tomatene, rør forsiktig rundt, og legg i djupe tallerkar. Resten av tomatane på toppen.
  12. Set gjerne fram litt riven parmesan og pepparkverna.
  13. Viss du er jysla romantisk, skift musikk frå Eros Ramazzotti til Andrea Bocelli.

Bladpersillen eg brukte er ein kjempegod sort som heiter “Gigante D´ Italia”. I fjor utropte eg denne til årets beste krydderurt, og den posisjonen har han gjort seg fortent også i år.

Eg har alt plukka inn bunt etter bunt, og for kvar gong veks han seg bare kraftigare.  Bladpersille treng godt med vatn og næring.

Bladpersillen eg brukte i denne retten.

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



2 kommentarar om “Pasta med persille og Ramazotti”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: