Dette har eg planta ut etter poteter og løk

Dette har eg planta ut etter poteter og løk

“Kva plantar du ut nå der du tok opp potetene?” spør mange. Her skal du få sjå det som nå veks i det som var løk- og potetbed for kort tid sidan. Det er mest ikkje til å tru at bedet du ser på dette biletet var potetåker i starten av denne veka..

Nei, eg har ikkje trylla, bare la ein slagplan tidleg i vår. Tidleg i mai sådde eg fleire slag kål og sylteagurk med tanke på at desse skulle overta etter poteter og løk nå i fyrste del av juli. Og i juni sådde eg nye squash.

I bedet på 14 kvadratmeter der eg nyss tok opp seks bøtter med tidlegpoteter, har eg nå planta ut tre rosenkål, eit rødkål, tre grønkål og tre svartkål i den eine enden.

Rødkål og låge solsikker. NB! Kål treng stor plass og godt med næring.

Dei har fått selskap av to låge solsikker og to blomkarse. Må jo ha litt farge mellom alt det grøne! Ekstra kjekt med noko som lyser opp utover seinsommaren og hausten.

I den andre enden av potetbedet har eg planta den mørkegrøne squashen “Black Beauty” som eg sådde i sommar – hugsar dessverre ikkje dato, var for bare nokre få veker sidan + tre squash av den lysegrøne sorten “Costates Romanesco” som eg var så heldig å få av Jeanette Jacobsen på Madlaflaten bybruk. (Kos deg med bloggen hennar “Frå hagekaos til hagekos”).

Romsleg rundt squashplantene nå, men bare vent!

Squashplantene er ennå små, som du ser, derfor er eg spent på koss dette vil gå. Har aldri sådd squash så seint før.

Dei såg så puslete ut til samanlikning med dei kraftige kålplantene, at eg var freista til å planta ut endå meir, men tok meg i nakkeskinnet. Squash treng nemleg stor plass når dei er “fullvaksne”.  Bare sjå  på denne som eg planta ut mellom georginer den 18. mai (sådd i siste del av april). Han tek alt til å få det vel trangt… (Sort: “Black Beauty”).

“Black Beauty” har fått det vel trongt i georginebedet.

Slik ser det ut i løkbeda nå:

Kålrot har fått plass i dei små løkbeda. Den eine kålrota viste seg visst å vera eit rosenkål..  Mesteparten av løken tok eg opp dei to fyrste vekene i juli.

Her tok eg opp masse løk for nokre veker sidan.

Svartkål og sylteagurk veks i  det store løkbedet. Sylteagurken sådde eg også i starten av mai.

Sylteagurk skal få krypa rundt mellom svartkålen i det som i fyrste del av sesongen var det store løkbedet.

Synes du det blei mykje kål? Ja, men dei er jo så flotte! Dessutan greitt med planter som toler både sol og varme, regn og vind og hagl og frost. Og som syrgjer for mykje god mat frå nå til neste vår. Som du ser er plantene temmeleg store, men så har dei då også blitt potta om meir enn ein gong. Den siste tida har dei stått i store kassar og potter.

Bladbete/mangold er også ypperleg å planta ut etter opptak av løk og poteter. Det gjorde eg i fjor, og kunne gleda meg over både fargeprakta og bøttevis med mat.

I fjor overtok mangold etter knutekål, og løk i langbedet framføre drivhuset. (Foto frå juli 2018)

Tilfører du jorda ny næring etter potetopptaket og før ny utplanting? er neste spørsmål eg får.

Svar: Ja, eg  pleier å gje kålplantene eit par nevar fin skjellsand kvar, pluss at eg legg på eit toppdekke av kompost. Eg har også gravd ned eit par bøtter med Bokashi (fermentert matavfall). Har du ikkje kompost eller Bokashi, kan du gjødsla med pellets laga av ku-og/eller hønsegjødsel. Dekk gjerne jorda med plenklypp!

Hugs at kålplanter blir store og kraftige og leverer masse mat, så dei treng mykje næring. Kor mykje som må til, kjem an på koss jorda di er. Mi jord er nok temmeleg næringsrik, for eg tilførte sauegjødsel i vår og kompost og lauv i fjor haust.

Det er ikkje vits i å overgjødsla. Fylg med på plantene. Er dei i god vekst og ser friske og glade ut, treng dei neppe meir næring med det fyrste.

LES MEIR OM SERIEDYRKING:

TRIKSET FOR MAT I HAGEN HEILE ÅRET

TID FOR Å HAUSTA OG PLANTA PÅ NYTT

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



2 kommentarar om “Dette har eg planta ut etter poteter og løk”

  • Så flott å følge kjøkkenhagen din. Har du noe forslag til hva man skal gjøre med squashplanter som bare kommer med hannblomster??Jeg har store fine panter av både “Gold Rush” og” Constates Romanesco”, plantene blomstrer rikt, men altså bare hannblomster. Glad hvis du har et godt råd😊

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: