Georgineshowet er i gong!

Georgineshowet er i gong!

Er du glad i fargar og blomeprakt, er georginer (Dahlia) noko for deg. For å feira at bløminga har starta, vil eg visa deg fleire bilete av dei ulike sortane eg har. I år har eg skaffa meg tre nye i tillegg til dei gode, gamle eg har “arva” frå slekt og vener.

Den oransje “sola” på biletet i toppen av dette innlegget, er “Dahlia Crown”.

Ny er også “Purple Gem”:

“Purple Gem”.

I fjor fekk eg nokre sommargeorginer av Eldbjørg Bonner Hay – ho hadde sådd dei. Eg tok opp knollane og sette dei til driving. Jammen fekk eg blomar på nokre av dei, sjå her:

Desse var faktisk frø i fjor vår. Frøblandigen heiter “Fantasia”.

Eg har også kjøpt denne som ferdig plante i år:

“Mystic Wonder”.

Alle desse har eg ståande i kvar si store krukke. Georginer treng godt med næring og vatn, altså store krukker med god jord. Eg blandar ut litt gjødsel i vatnet i ny og ne.

Jamnleg tek eg meg ein runde og klypper vekk visna blomar, då ser plantene finare ut, og du får rikare bløming. Som du ser på dei to bileta oppføre, burde eg ha vore framme med saksa, ja.

I eit stort bed har eg dei gode, gamle eg har fått frå far og faster.

I år oppfører dei seg litt merkeleg: Dei har vakse seg til store, flotte buskar, men dei fyrste blomane har kome nede mellom bladverket i staden for at dei stikk opp over det grøne. Heldigvis skyt nye knoppar opp. Lurer litt på kvifor? Den kalde sommaren? Eller for feit jord?

Frodige buskar, men blomane slit litt med å koma seg opp over bladverket. Kjem seg nok etter kvart.
Dei største er desse rosa.

Langt nede i buskane plukka eg fleire vasar fulle:

Røde frå faster, rosa frå far. Veit dessverre ikkje kva dei heiter.

Den tredje i georginebedet er denne mørkerøde:

Veit ikkje namnet på denne heller.

HER KAN DU LESA KOSS DU DYRKAR GEORGINER:

SLIK FÅR DU RIK BLØMING FOR FÅ KRONER

SLIK PLANTAR EG GEORGINER

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: