Lettvint pølse&potetform

Lettvint pølse&potetform

Når eg lagar middag, tek eg utgangspunkt i kva eg har i hagen: Så då måtte det blir noko med potet, løk, squash, tomat og urter. Er råvarene ferske og gode, blir det meste godt. Bare å ha i ei form, putta i omnen og slappa litt i sola på terrassen i mens.

Det kunne jo ha vore godt med ei chorizopølse eller to oppi, sa eg til mannen som ikkje var vond å be. For det er uhyre sjeldan at eg vil ha pølser. Med eit glis kom han attende frå butikken med 12 pølser. Der var tilbod på 3 for 2, forklara han. Fire små pølser i kvar pakke. Ulike typar.

Så nå har me ete  pølser to dagar på rad. Mannen har notert ned den historiske hendinga.

HER ER DAGENS OPPSKRIFT:

Ingrediensar:

  • 700 gram perlepoteter (små nypoteter)
  • 15 vårløk (nyhausta, som eg hadde sådd frå frø!)
  • 1 gul squash (årets fyrste!)
  • 2 bifftomatar (nettopp mogna i drivhuset)
  • timian
  • Olivenolje
  • 4 små godt krydra pølser
  • Salt og peppar

Framgangsmåte:

  1. Vask potetene – ha dei i ei stor skål med vatn og dur rundt med oppvaskbørsten, tek for lang tid å vaska ei og ei.
  2. Vask og rens vårløken, del dei største i to.
  3. Hakk ein neve frisk timian.
  4. Ha i ei eldfast form med ein slant olivenolje, litt salt og peppar.
  5. Steik om lag 20 minutt i omnen på 180 grader.
  6. Skjer så opp squashen og ha oppi saman med heile pølser.
  7. Steik 10 minutt til. Minst.
  8. Skjer opp bifftomatane og steik vidare om lag 2 minutt.

Server!

Det blei ein stor porsjon, me greidde bare å eta halvparten. Resten får me ta i morgon…

Kunne ha vore steikt litt meir, synes eg, men det syntes ikkje mannen. Og han har betre greie på pølser enn meg.

Gårsdagens potet&pølseform

Mannen bedyrar at han ikkje er lei av slik mat, til trass for at gårsdagens middag var laga på same måten, men ingrediensane var litt ulike:

Potet: Båtar av store nypoteter.

Løk: Rosa løk (ein veldig god sort gul løk)

Squash: Grøn

Ikkje tomat, men rød paprika

Urter: Rosmarin og salvie

Pølse: Siciliansk pølse, ikkje spansk chorizopølse.

He, he, “man tager hva man haver”. I kjøleskapet ligg endå ein pølsepakke…. Kanskje den skal få selskap av noko anna enn løk, poter og squash…

Men ærleg tala: Sjå på biletet i toppen av dette innlegget: Ser det ikkje mykje meir freistande ut med gul squash og rødlege bifftomatar enn grå-brun-bleike pølser?

LES OGSÅ:

POTET: NULL BLØMING, MEN BRA AVLING

LØK: GUL, RØD, ROSA, KVIT, GRØN

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

 

 

 

 



4 kommentarar om “Lettvint pølse&potetform”

  • Hei Margunn 🙂
    Takker igjen for sist, det var utrolig hyggelig å møte deg i ditt vidunderlige hjem & hagen som inspirerte til så mangt 🙂 har jo boka og ser frem til å fordype meg når høsten gir mer ro i tilværelsen….
    Jeg følger med på bloggen din og nyter innlegg… spesielt i dag måtte jeg le da du & mannen fikk pølser i grønnsakene to dager på rad… kunne vært samme historien hjemme hos oss 🙂
    Håper det ellers går bra med sommerens gleder! Ja, skulle gjerne vært til stede på Gla’mat i Stavanger!
    Gleder meg til gjensyn en vakker dag!
    Lykke til og alt vel fra Inger Elise

    • Hei du! Tusen takk for hyggeleg kommentar. Takk for sist, ja;) Eg kosar meg i hagen, stadig nye grønsaker som blir klare og nye blomar som slår ut i blom – eller takkar for seg. Så eg stullar på litt jamnt og trutt:) Håpar du også har det bra:) Gjensyn skal det alltid bli ei råd med!

  • spennende med poteter,jeg sette bare 10 stk og dei er der ute ennå,jeg tømte varmkompostbingen i våres,og leste att det måtte ligge ute og lufte seg et par mnd før jeg kunne bruke det ,vel jeg har gjort et forsøk og sette noen små poteter i :=) aldrig før sett så svære potetris,men hva som er under jorden har jeg ikke sjekka ennå,tenkte å vente til september,men jammen er det spennede :=)

    • Ja, spennande med både poteter og kompost! Eg har aldri lufta varmkompost før bruk, og det har gått veldig bra. Eg brukar også ofte varmkomposten før han er heilt omdanna. Men då plantar eg ikkje i bare det. Eg legg det enten som toppdekke i bed, eller når eg lagar nye bed eller fyller nye pallekarmar, legg eg vanlegvis organisk avfall i botnen, så varmkompost, så “gammal jord”.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: