Velkomen på besøk under Gladmat

Velkomen på besøk under Gladmat

Den 24.-27. juli blir Nordens største matfestival arrangert i Stavanger. Då er du velkomen på gratis omvising i Margunns kjøkkenhage onsdag den 24. klokka 16, torsdag den 25. klokka 12, fredag den 26. klokka 12 og  laurdag den 27. klokka 12.

Omvisinga omfattar både min eigen hage med grønsaks- og staudebed samt drivhus pluss Leikeplasshagen med endå fleire grønsaksbed, sommarblomar, bærbuskar og frukttre. Her veks også graskar og mais.

Biletet oppføre er frå Leikeplasshagen. Oppmøte her. Min hage ligg rett over gata.

Omvisinga varer om lag ein time. Velkomen skal du vera!

Meir info her: https://www.facebook.com/events/1236440073146806/

Inga  påmelding.  Men fint om du klikkar “skal” slik at eg får ei viss peiling på kor mange som kjem. Det er også fint om ikkje alle kjem på same dagen….

Om du vil, kan du også få kjøpa signert eksemplar av boka mi “Margunns kjøkkenhage- Fersk mat året rundt”.

HER ER FESTIVALPROGRAMMET

DESSE STILLER UT

HEIMESIDA TIL GLADMAT

Andre arrangement utføre sentrum: 

Klostergarden inviterer til U R E I S T – eit pop up-arrangement med Charles Tjessem, ureist mat og bondens historie på kjøpet. Arrangeres 25. og 26. juli kl 15. https://www.facebook.com/events/2281342958601552/

Kristine Enger inviterer til Sanketur på Randaberg 26. juli kl 13.00 (gratis): https://www.facebook.com/events/426982647890042/

Eg & Du inviterer til “minglefestivalen MatGlad restaurantlokala i Eiganesveien – kvar kveld under festivalen: https://www.facebook.com/events/352561862082408/

 

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: