Potet: Null bløming, men bra avling

“Kva tid kan me ta opp potetene?” spør folk meg. “Når dei er ferdige med å bløma, har eg alltid svara. Det gjeld visst ikkje i år. For tidlegpotet “Arielle” har ennå ikkje starta å bløma. Likevel tok eg nå opp bøtte etter bøtte med store, fine poteter.
Så den regelen gjeld altså ikkje kvart år. Det beste er å ta opp eit par planter å sjekka. He, he, eg gjorde jo det på laurdag (ein plante) og var lite imponert. Heldigvis er eg så nysjerrig at eg sjekka i den andre delen av bedet i dag – og der var potetene store, ja!

Dermed tok eg opp den eine planten etter den andre til bedet blei tomt.
Sjå her: Slik såg bedet ut før opptak:

Bedet er om lag sju meter langt og to meter breitt. Eg tok opp seks bøtter poteter, her ser du fire av dei:

Ikke så verst! Kor mykje sette eg? 3 kilo. Det gjorde eg den 6. april.

LES OGSÅ:
OM Å SETJA POTETER MENS DET ER FROST
EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:
- Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
- Trykk på FØLG MEG-knappen.
- Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.
Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.