Kvess til kvelds

Dette lagar du på null komma niks! Bare tre ingrediensar pluss litt olivenolje, salt og peppar. Mett og god blir du, og jo meir du et, jo betre! Går også fint som ein lunchrett – server det gjerne saman med ein god salat.
Ingrediensar:
- 1 øskje Bønnemix frå GoGreen (kikerter, borlottibønner, store, kvite bønner)
- 1 grøn løkstilk eller 1 vårløk
- 2 nevar salvieblad
- 2-3 ss olivenolje
- salt og peppar
Slik gjer du:
- Hakk opp løk og salvieblad.
- Ha i panne med olivenolje på middels varme og røresteik nokre minuttar. Ah! Snus inn den gode lukta!
- Ha oppi bønnene og røresteik vidare til bønnene blir varme.
- Smak til med salt og peppar.
Sever gjerne med nybakt eller rista brød med god olivenolje.
Brødet eg alltid bakar er dette, det er fort gjort.
Eg blei faktisk overraska over kor godt dette var fyrste gongen eg laga denne retten. Mannen min likte det også, og bad om å få det same neste dag… Då blei det lunch med restane av salaten frå dagen før:

KNASKESALAT MED KNUTEKÅL, EPLE, URTER OG VALNØTTER
Ved bruk av salvie i oppskrifter, bør det kanskje opplyses om gifstoffet thujon, som ihvertfall bør unngås av gravide.
takk for info, det visste eg ikkje.