Overraskings-potetetene

Overraskings-potetetene

Steinkult! I går tok eg opp to bøtter med jordeple frå planter som eg har hatt null arbeid med.  Trong ikkje setja poteter ein gong! Dette er nemleg planter som har grodd fram frå nokre små knollar som må ha blitt liggjande att i jorda etter fjorårets potetopptak.

“Kva tid tek du opp potetene?” spør folk.

“Når dei er ferdige å bløma”, har eg alltid svara. Men desse viste seg å by på store og fine knollar sjølv om flesteparten ikkje hadde starta å bløma ein gong. Andre blømde fint i kvitt og lilla.

Potetene tok vel mykje plass i “Amerikabedet” med solsikker, mais og graskar.

Kvifor tok eg dei opp nå? 4 grunnar:

  1. Fordi eg får middagsgjester i dag.
  2. Dei vaks mellom solsikker, graskar og mais, og tok for mykje plass. Andre “velta” seg ut over bedet slik at eg knapt nok kom meg fram. Altså måtte det ryddast.
  3. Dessutan var eg veldig spent på kor store potetene var blitt…
  4. Fordi dyktige hagefolk som @camillascountryliving og @en.sand (Sjå Instagram), har sagt at dei ikkje ventar på at bløminga er over før dei tek opp tidlegpotetene. Ja, dei har til og med hausta fine poteter utan blomstring.
“Arielle” som eg sette den 7. april. Ser ikkje så verst ut på dette biletet, men var ein god del mindre enn “villpotetene”.

Fyrst sjekka eg tidlegpotet “Arielle” som eg hadde sett den 7. april i år. Dei har ikkje starta å bløma. Eg tok opp ein plante – men njei, rare avlinga var det ikkje. Dei skal få stå lenger.

Dermed tok eg fatt på dei mellom mais og graskar:

Det var andre knollar, det!

Gylne “Van Gogh” mellom solsikker. He, he, det passa jo godt!

Gule, store “Van Gogh”.

“Carolus” under graskar “Uchiki Kuri”.

Lysegule med rosa skjer: “Carolus”.

Røde poteter, det kunne vera “Beate” og/eller “Asterix”, begge dyrka me i fjor i dette bedet.

Endå rødare, men små; det var nok “Pimpernell” som er ein sein sort. Eg let resten stå.

Lyse “Arielle” frå kanten av potetbedet med “Solist”. Dei var størst av alle.

“Arielle” er dei store og lyse til høgre.

MEIR OM POTETDYRKING:

Om å setja poteter mens det er frost

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



2 kommentarar om “Overraskings-potetetene”

  • Poteter er greit, De man glemmer kommer opp. Var veldig greit med “nypoteter” i januar 2019. 🙂 Slik er det når man har mild vinter en del lenger sør enn i Stavanger. 🙂

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: