Knaskesalat med knutekål, eple, urter og valnøtter

Knaskesalat med knutekål, eple, urter og valnøtter

Eg elskar å gå rundt i kjøkkenhagen og plukka inn litt av det og litt av det og prøva nye smakskombinasjonar.  Har du smaka knutekål i salat? Det gjekk jo fint, saman med litt søtsure ingrediensar og ein dressing med mykje smak. Prøv!

Ingrediensar:

Framgangsmåte:

  1. Skrell  knutekål, og skjer i bitar.
  2. Skjer eple og stangselleri i bitar.
  3. Finhakk løken.
  4. Hakk mynte og bladpersille.
  5. Bland alt.

Dressing:

  • 1 lita ts raspa ingefærrot
  • Juice frå 1/2 lime
  • 1 ts lønnesirup
  • 2 ss korianderolje (eg har laga sjølv, du kan bruka olivenolje, gjerne også litt hakka koriander).

Bland alt, hell over salaten.

Skikkeleg knaskesalat! Synd det var dei fire siste knutekåla…

Urteolje var lettare å laga enn eg trudde!

HER ER OPPSKRIFT PÅ KORIANDEROLJE

DENNE SALATEN MED SUKKERERTER MÅ DU OGSÅ PRØVA!

Sprø sukkerertsalat med asiatisk vri.

Knutekål smakar som ein mellomting av kålrot og eple. Veldig godt å eta rå. Veks fort. Eg sådde ulike kålslag i drivhuset i mars som eg planta ut i midten av april. Knutekålen og brokkolini var  fyrst ferdig, me tok opp dei fyrste pinsehelga. 

Knutekål, temmeleg sikker på at sorten er “Wiener Vit”. (Alle bilete: Margunn Ueland)

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: