Løk: Gul, rød, rosa, kvit, grøn

Løk: Gul, rød, rosa, kvit, grøn

Løk gjer meg lukkeleg: Så mykje god smak over så lang tid på så liten plass!  Sjå bare her: Alt på dette bordet er frå to små bed på til saman tre kvadratmeter. Det er bare det eg tok opp nå, me har ete jamnt og trutt frå beda sidan midten av juni.  Kvifor hausta løken så tidleg? Her får du svar.

Frå to så små bed kom altså all løken på bordet:

Løk som skal haustast til venstre i eit bed like lite som det som eg nett har tømt for løk. Til venstre: Kålrot som skal overta den ledige plassen.

I år hadde me også løk i dette bedet på 4×4 meter.

Åtte kvadratmeter er dette bedet som eg nett har teke opp masse løk frå.

Så mykje løk blei det:

Fyrst bordet fullt igjen:

Dermed var bordet fyllt med løk på nytt..

Deretter: To trillebårlass på terrassen:

For ein rikdom!

Nei, det hadde ikkje vore nødvendig å hausta alt på ein gong. Eg kunne fint ha halde fram med å plukka litt nå og litt då, og la ein god del løk stå att i bedet til dei blei større og lauvet gulna og “la seg”. Når det skjer, er løken klar til å takast, skal me fylgja reglane.

Så kvifor tok eg opp alt nå? 

Av fire grunnar:

  1. Lett panikkanfall: Då eg nappa opp nokre løk her om dagen, oppdaga eg små, kvite larver i den eine løken. Skrekk og gru! Det har eg aldri sett i løk før! Ikkje ville eg at det skulle bli larver i fleire løk. Heldigvis viste det seg at det bare var larver i fire av løkane. Jippi!
  2. Sol!  Denne veka er det meldt null regn og brukbart med sol og vind, altså godt tørkevêr for løken.
  3. Lei av kø: På terrassen hadde eg potter med svartkål, kålrot, sylteagurk, bladbete, solsikke og tagetes som venta på plass. Sidan løken var klar på denne tida i fjor, hadde eg planlagt såing og ompottiing av desse slik at dei skulle plantast ut fyrste veka i juli.  Nå var eg litt lei av å ha dei ståande på terrassen; mindre arbeidskrevjande å ha dei i bed. Tørkar fort ut i potter.
  4. Meir mat: Meir mat? Når løken kunne ha blitt større om eg hadde venta? Jepp. For nå kan eg også eta alt det grøne!
Nyhausta gul løk i buntar. Etter at eg har kutta av mesteparten av dei grøne stilkane, legg eg dei til tørk meir spreidt enn dette for at dei skal tørka godt. Løk som er tørka, kan du oppbevare lenge. I månadsvis.

Slik gjer eg det

Kutt av dei grøne stilkane ein peikefinger opp frå løken. Hakk/skjer opp, putt i plastposar og ha i frysa. Supert å ha til supper og gryterettar utover hausten og vinteren. Min purre!

Legg så sjølve den runde løken til tørk. Ikkje legg dei for tett. Eg legg dei i øskjer og kassar på terrassen slik at eg fort kan flytta dei under tak om det skulle koma regn.

Før eg fekk kjøkkenhage, hadde eg bare ete “vanleg” tørka gul og rød løk.  Aldri skinande, fersk, ung løk. Som “ung” er den gule løken kvit både utpå og inni. Dei tjukke, grøne stilkane er lange og vel så gode som løken. Mildare og søtare. Begge deler så godt at du kan eta det både rått og kokt og steikt.

Ein del av den røde løken tek eg til sides og legg i skuggen, den skal me eta fersk etter kvart. I salatar f.eks.

Rosa løk

I år har eg både vanleg gul løk, og rosa, gul løk. Den synes eg smakar som ein mellomting av rød og gul løk. Kjempegod!

Rosa løk.

Lettvint

Kor mykje arbeid har eg/me lagt ned for å få så mykje herlegdom?

Svært  lite: Løken er frå setteløk. Eg stakk ned nokre posar i nokre trekassar med mold i drivhuset i midten av mars. Nora (4) putta så ned nokre kassar og pluggbrett til i slutten av mars. Så var det bare å passa på at jorda var lett fuktig.

Irrgrøne sprirer viste seg fort, og i påska putta eg løkspirene som då hadde fått godt med røter ned tett i tett i beda. Ein time tok det vel kanskje å planta ut. Løk vil ha sol og god jord.

Sidan har dei passa seg sjøl.

Eg var redd løken skulle gå i stokk sidan det blei så unormalt kaldt i mai, men det har gått forbløffande godt. Bare 4-5 løk har gått i stokk. Setteløken eg kjøpte var varmebehandla, det er ein fordel.

Det som faktisk tok lengst tid var å hausta, kappa av og skjera opp dei grøne stilkane. Men: Når du ikkje gidd meir, kan du jo ta deg ein runde i nabolaget og til vener og dela ut flotte løkbuntar.

På neste bilete kan du sjå koss nyspirte setteløk ser ut. Eg hadde att ein halv pose med setteløk av rødløk som eg sette nå. Hadde eg hatt plass i eit bed, hadde eg putta dei ned der straks. Men nå må dei stå her i kassen og venta til eg har teke opp poteter.

Nye rødløk spirer i kassen. Bak ligg nyhausta rødløk som starta livet på same måte i mars/april.

LES OGSÅ:

LUNCH MED ÅRETS FØRSTE LØK

SJALOTTLØK OG ZINNIA

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



2 kommentarar om “Løk: Gul, rød, rosa, kvit, grøn”

  • Hei. Så flott kjøkkenhage du har. Har lest bloggen din med stor interesse og du er til stor inspirasjon. Jeg satte flere forskjellige løk i fjord sommer og fikk også slike hvite larver i noen av løkene. Jeg fikk også panikk og tok opp alt av løk og brente for jeg var redd det var løkfluer som hadde vært på ferde. I år torte jeg ikke sette løk. Men ser at du setter ned flere med det samme. Kanskje var det ingen grunn til panikk? I år har jeg hundrevis av små hvite snegler som forsyner seg grovt av grønnsakene. Det er like før jeg gir opp hele kjøkkenhagen

    • Hei, tusen takk for hyggeleg tilbakemelding på bloggen, det set eg stor pris på. Fordi om du fekk larver i løken eitt år, treng du ikkje dermed få det neste år. Set ikkje ned ny løk i det same løkbedet, skal setja neste omgang der eg tek opp potetene. Dei små sneglane er noko herk! Me får bare plukka og ikkje gje opp!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: