Slik brukar eg grønsaksavkappet

Slik brukar eg grønsaksavkappet

Brokkolistilkar og -blad, løkstilkar, grønkålstilkar, det grøne på gulerøter, potetris – etter kvart som me haustar, blir det ein del avkapp, ja. Ikkje kast det! Det kan brukast på så mange vis. Her er nokre tips:

Grøne løkstilkar: Kjempegod i salat, i wokrettar, i omelett, gratengar, gryterettar. Det du ikkje greier å bruka opp nå, puttar du i posar i fryseboksen, så har du å ta av i vinter.

Nora (4) har vore med på å både setja løk, hausta ung løk og laga omelett med grøne løkstilkar. Ho åt masse omelett!

Brokkolistilkar og blad: Blir god juice. Og det er jo masse blad på brokkoliplantene.

Grønkålstilkar: Bruk i juicen.

Blad og stilkar frå kålrot og knutekål: Nokon som har brukt det i matlaging? Mine har hamna i kompostbingen.

Det grøne på gulerøtene: Hmm, lurer på om eg skal prøva det også i juicaren…. Ha det i kompostbingen. Har du ikkje kompostbinge, hakk opp og grav det ned i jorda eller bruk det som toppdekke, så blir det kompostert i bedet.

Blad og stilkar på knollfennikel: Dei frynsete blada brukar eg som krydderurt; det vil seia som dryss i salatar,  rekesmørbrød, supper og gryterettar. Ekstra godt i fiskesupper og til skaldyr! Stilkane er gode når du skal koka kraft av rekeskal. Også gode å juica. 

Blad og stilkar på rotselleri: Supre når du kokar kraft på margbein.

Blad på stangselleri: Bruk dei saman med stilkane i gryterettar. Såg nett eit fjernsynsprogram med den italienske kokken Gino som laga ei lammegryte med selleristang. Han brukte også blada som han hadde i gryta på slutten av koketida.  Bruk både stilkar og blad når du juicar.  Her er ei god juiceoppskrift med stangselleri.

Rødbeteblad: Kan både wokkast og juicast. Unge blad er gode i salat, men etterkvart synes eg dei blir vel beiske.

Det aller meste av dette pluss persillestikar: Ha det i ei stor gryte med vatn og kraftbein og kok kraft! Supert til supper og gryterettar. Krafta kan du frysa. Det aller meste av dette vil seia alt minus det grøne på gulerøtene og stilkar og blad på kålrot og knutekål, for det har eg ikkje prøvd ennå. Nokre andre som har gjort det?

Rabarbrablad: Kan ikkje etast, men blir masse bra kompost!

Potetris: Kan ikkje etast, men blir massevis av bra jord. Eg legg det lag på lag i kaldkompostbingen med halvrotna lauv frå i fjor haust. Då eg gjorde det i juli i fjor, var det blitt til god kompost allereide i oktober.

Det er sikkert mange av dykk som har gode tips. Tek mot med takk!

LES OGSÅ:

DEI RASKASTE I KÅLBEDET

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



6 kommentarar om “Slik brukar eg grønsaksavkappet”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: