Rabarbramuffins utan sukker og kveitemjøl

Rabarbramuffins utan sukker og kveitemjøl

Paraply! Alma hadde plukka ein stor rabarbrastilk. Eg viste koss ho skulle vri stilken laus, slik at dei nye knoppane ikkje blei skada. Ho hadde så lyst til å dyppa den sure rabarbraen i ei skål med sukker. Mamma Mona derimot, rører ikkje sukker. Heller ikkje kveitemjøl. Dermed måtte eg klekka ut ei ny muffinsoppskrift. To ulike laga eg. Kva for ei ville dei lika best?

OPPSKRIFT-1:

  • 3 egg
  • 1,5 dl sukrin
  • 100 gram smør
  • 0,5 dl rapsolje til baking
  • 1 dl mandelmjøl
  • 1 dl kokosmjøl
  • 1 dl speltmjøl
  • 1 ts bakepulver
  • ein liten slump mjølk
  • 3-4 stilkar rabarbra

Framgangsmåte:

  1. Pisk egg og sukrin.
  2. Smelt smør, ha i rapsolje og mjølk. Ha oppi eggedosis.
  3. Bland mjøl og bakepulver og ha i.
  4. Ha også rabarbraen i røra.
  5. Fordel i muffinsformer i muffinsbrett – plass til 12.
  6. Steik på 175 grader i om lag 25 minuttar.

Desse blei minst like gode, bare endå betre enn dei fyrste.

Smaka faktisk betre etter nokre timar enn dei gjorde rett etter at eg tok dei ut or omnen.

Rabarbramuffins etter oppskrift-2.

OPPSKRIFT-2 med havremjøl:

  • 3 egg
  • 1,5 dl sukrin
  • 100 gram smør
  • 0,5 dl rapsolje til baking
  • 2 dl sammalt havremjøl
  • 0,5 dl kokosmjøl
  • 0,5 dl mandelmjøl
  • 1 ts bakepulver
  • ein liten slump mjølk
  • 3-4 stilkar rabarbra

Framgangsmåte:

  1. Pisk egg og sukrin.
  2. Smelt smør, ha i rapsolje og mjølk. Ha oppi eggedosis.
  3. Bland mjøl og bakepulver og ha i.
  4. Ha også rabarbraen i røra.
  5. Fordel i muffinsformer i muffinsbrett – plass til 12.
  6. Steik på 175 grader i om lag 25 minuttar.

Begge blei gode, betre enn dei tradisjonelle med kveitemjøl og sukker, synes eg. Mona likte også begge, men aller best dei med havremjøl. Sjølv om dei blei ståande litt for lenge i omnen- gløymde å fylgja med..

Alma og Sunniva var einige.  Sjølv om toppen var å få dyppa sure rabarbrastilkar i ei skål med knasande sukker..

Sunniva (t.h) og Alma (t.v.) på rabarbrafest: Muffins, rabarbradessert med bringebær og aller best: Sur rabarbra dyppa i sukker…

Ikkje for seint

Mange av oss har høyrt at rabarbraen må brukast før jonsok (St. Hans). Men det går fint an å hausta og eta rabarbra også etter den tid så lenge du har hausta jamnt og trutt av plantene heile våren/sommaren, slik at du stadig får nye stilkar.

PRØV OGSÅ:

RABARBRAPAI MED JORDBÆR OG MYNTE

RABARBRADESSERT MED KOKOS OG BRINGEBÆR

RABARBRASUPPE OG RABARBRAGRAUT

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: