Sprø sukkerertsalat med asiatisk vri

Sprø sukkerertsalat med asiatisk vri

Mannen skulle omsbaka sjøaure. Har du grønsaker? spurde han. Dermed fiksa eg denne salaten etter ein runde i kjøkkenhagen. Knasande sprø og smakfull miks av søtt, salt, syrleg, skarpt og mildt. Eg trur eg må laga ei stor skål i dag til lunch… Ingen vits å la sukkerertene hengja for lenge – aller best når dei er “nye”.

  • 1 lysegrønt salathovud
  • 1 rødt salathovud
  • 5 nevar sukkererter
  • 3/4 agurk
  • 1 liten selleristillk
  • 1 kvast koriander
  • 1 ung løk med den grøne stilken (har du ikkje, bruk 2 vårløk)
  • 1 neve cashews
  • 1/2 eple
Salat går fint å dyrka i smale balkongkassar.

Framgangsmåte:

  1. Vask og spinn salaten slik at han er tørr. Riv i store bitar med hendene.
  2. Skjer sukkererter, agurk og eple i passelege bitar.
  3. Finsnitt selleristilk, løk og koriander.
  4. Bland alt med dressing.
  5. Ha over i serveringsskål og ha cahewnøtter på toppen.

Dressingen:

  • 3 ss korianderolje (eg har laga sjølv! Du kan bruka olivenolje og hakka i koriander)
  • 1 ss limejuice
  • 1 ts finraspa ingefærrot
  • 1 ts lønnesirup
  • peppar, salt, gjerne litt rød chili?

Framgangsmåte: Bland alt og smak til med peppar og salt og chili. Gjorde seg med chili, ja.

LES OGSÅ:

Urteolje var lettare å laga enn eg trudde!

URTEOLJE PÅ 1-2-3

REKORDTIDLEGE SUKKERERTER

KORIANDER, TØFFARE ENN DU TRUR

LUNCH MED ÅRETS FØRSTE LØK

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: