Staudebed? Då må du ha storkenebb!

Staudebed? Då må du ha storkenebb!

Lilla, himmelblå, rosa, røde, kvite – små og store, høge og låge. Toler det meste. Lette å flytta og dela. Grunnane er mange til at storkenebbfamilien er favoritten min i staudebedet. Ein veldig bra familie å begynna med om du vil laga deg eit staudebed.

Det er fyrst og fremst storkenebben som gjer susen i blomebeda mine frå siste del av mai og fram til nå.

Mest av seg gjer store tuer med dei blåfiolette du ser her og på oppslagsbiletet.  Det verste er at eg ikkje er sikker på namnet! Når eg slår opp i staudeboka mi, ser det ut som “Julistorkenebb” (Geranium magnificum), men mine blømer som sagt i juni, ikkje i juli. Men kanske dei blømer i juli lenger nord og aust i landet?

Desse blir rundt 60 cm høge, og eg pleier alltid å setja  staudestøtter rundt dei for at dei ikkje skal “leggja seg” i regn og blest.

Desse har eg planta 3-5 tuver av på fleire stader i det største staudebedet, det langs gjerdet.

Humlene elskar desse!

Endå høgare – rundt 90 cm- blir  ein himmelblå som eg trur er “Geranium x “Johnson’s Blue”. Også den takkar for seg nå i juli.

Svært iaugnefallande er den røde (kva i alle dagar skal me kalla denne rødfargen?) “Geranium psilostemon” som blir minst like høg.  Mens eg likar å “masseplanta” dei fiolette, får det halda med eit “fyrtårn” av denne:

Geranium psilostemon.

Derimot har eg drista meg til å planta mange av den purpurrøde blodstorkenebb (“Geranium sanguineum”) i lag. Eg har desse framføre dei høgare blåfiolette:

Lilla julistorkenebb dominerer bedet i juni, saman med peonar og andre storkenebb som blodstorkenebb. (Foto frå 9. juni 2018 av Jan Inge Haga)

Som du ser på biletet oppføre, dannar dei langt lågare og tettare tuer. Blada og blomane er mindre.  Mens dei andre eg har omtalt vil ha brukbart god jord, greier denne seg på skrinnare jord. Veksestaden bør vera godt drenert. Sol må til.  Også dei andre blir finaste i sol, men det går bra i halvskugge.

Her er ein kvit “Geranium renardii”, eg har også fiolette.

Sol og temmeleg skrinn jord går også til “Geranium renardii” som er den som kjem aller fyrst. Eg har både ein fiolett og ein kvit sort. Blomane er delikate, med mørkare nerver. Blada likar eg også godt, dei er rundlege og gode og mjuke å ta på. Blada får ofte fine haustfargar. Jorda bør vera godt drenert.

Veldig søt, nå på hell.

Eg har også ei låg tuve med rosa storkenebb – lurer på om det er “Geranium endressii”.

Den eg har aller mest av, er den mest robuste av dei alle: Rosestorkenebb (Geranium macorrhizum). Ein super markdekkar.

Rosestorkenebb. Rosa knopper. Nokre blir kvite, andre sterkt rosa.

Har du eit bed eller ein skråning du vil dekka fort til få kroner, skaff deg ein rosestorkenebb. Helst frå ein hage, ikkje i ei lita potte på hagesenter. Denne får nemleg kjempelange, treaktige røter som er veldig lette å få opp, ja du kan mest bare dra dei opp med hendene. Kvar rot kan du dela i mange, og så er det bare å planta ut rotbitane med små mellomrom, så dannar det seg fort eit teppe. Om det er så at du vil dekka heile området. Luk godt i starten, men når du har fått eit tett “teppe” etter to-tre år, er det ikkje noko ugras som kjem opp.

Du kan også planta ei tuve her og der, stikk røtene ned som om du skulle laga ein bukett.

Endå fleire fordelar med rosestorkenebb: Dei toler både sol, halvskugge og skugge og veks godt sjølv om jorda ikkje er den beste. Rikaste blir bløminga i sol. Tørke toler han også. Det fekk eg erfara i fjor sommar.

Blomane – eg har både kvite og sterkt rosa – er fine. Endå viktigare synes eg det er at bladverket held seg fint frå tidleg på våren til langt ut på hausten, også etter den fyrste frosten. Om hausten får det jamvel rødlege fargar.

Luktar godt gjer blada også: Rosestorkenebb, er jo namnet…

Litt av ein staude!

Avblomstra rosestorkenebb.

Det er når storkenebb er avblomstra, at du skjønar kvifor dei har dette merkelege namnet. Tydelegaste ser du det på rosestorkenebb.

Har du eit steinbed eller ein mur du skal planta i, er eit god val dei små (10-20 cm) og søte Silkestorkenebb (Geranium cinereum).  Dei grøne blada skjer over i grått, blomane er rosa.

Farvel og takk for nå

Nå blømer dei av. Det er litt vemodig, men så mykje glede av dei eg har hatt til nå. Eg synes frøstandane også er dekorative – særleg i morgon- og kveldslys. Likevel skjer eg dei vekk etter ei stund (dagar eller veker, kjem an på).

Eg synes det blir meir “ryddig” i beda då.

Dei høgaste kuttar eg heilt ned, det vil seia at eg tek fram sigden min og skjer stilkane av heilt nederst. Det gjer eg av fleire grunnar: Dei blir litt “lavjete” og blada kan bli stygge. Dermed ser det litt rotete ut. Dessutan skugger dei for nabostaudene. For at nye stauder (altså dei som skal bløma nå framover), skal få koma til sin rett, kappar eg ned storkenebba som tek stor plass i bedet. Ofte trengs litt opprydding, det vil seia luking  av ugras som har gøymd seg her (og sneglar). Det ser litt tomt ut med det same, men hald ut, etter ei veke eller to har du grøne tuer igjen. Men ikkje så høge som dei du kutta ned.

For at det ikkje skal bli for stusseleg fleire stader i bedet samstundes, tek eg gjerne eit område om gongen, og ventar nokre dagar før eg tek neste. Kjem an på kor utolmodig eg er. Skal me reisa vekk på ferie, skjer eg ned alle nå. Då er det fint att til me kjem tilbake.

Gjødsel?

Avkappet går sjølvsagt i kompostbingen. Staudeavkapp blanda med lauv er den einaste gjødselen staudene mine får. Det greier dei seg godt med. Eg legg gjerne på eit toppdekke tidleg om våren, og gir ein ekstra dose kvar gong eg deler, flyttar, plantar.

Spa opp og del!

Og ja: Alle storkenebb er lette å dela, ikkje bare rosestorkenebb. Det kan virka litt brutalt å spa opp, men det gjer bare godt. Du vil sjå at røtene er tett samanfiltra, så dra dei gjerne frå kvarandre og del opp før du plantar.

Så derfor: Har du ei tuve med storkenebb, kan du få mange på få år. Etter eit år deler du den fyrste tuva i tre. Neste år deler du kvar av dei tre i tre, så har du plutseleg ni. Osv. Det er bare å halda på til du har så mange du vil ha.

Seinare kan du dela meir sjelden – kvart femte år for eksempel – så har du stauder å gje bort. Eller du kan bytta!

Jysla gildt!

MEIR OM STAUDER:

TIDLEGE VÅRSTAUDER (april)

MAISTAUDER

IRIS

AUGUSTSTAUDER

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: