Galen-i-halen-juice

Galen-i-halen-juice

Eg tilstår: Av og til – når mannen min er borte- gidd eg ikkje å laga middag. Men grønsaker MÅ eg jo ha, minst 5 om dagen. Det hender faktisk også at grønsakene mine ikkje blir fine og flotte. I dag oppdaga eg at fleire fenniklar var gått i stokk.  Altså ein perfekt anledning til å gje meg utpå nye eksperiment med juicemaskinen.

Fennikel gått i stokk.

Det vil seia at eg stappar eg oppi alt mogeleg eg aldri har hatt oppi før, og er så spent som ein unge på resultatet. Ekstra gøy er det om eg puttar i noko som eg tenkjer at dette, det må då ikkje bli godt… Eller kanskje – det er det eg håpar på innerst inne-  blir eg positivt overraska!

I dag gjekk leiken ut på å laga juice av bare grøne ingrediensar (minimum 5 grønsaker) og minimum 1 frukt (som også måtte vera grøn).

Du vil gjerne ikkje tru det, men eg elska den juicen! Har drukke opp heile karaffelen her mens eg skriv! Galen i halen!

Ok, ok, her er oppskrifta:

  • 1 heil fennikel (min hadde gått i stokk, grrrr..) med stilkar og frynser og alt
  • 1 økologisk lime (med skalet på)
  • 1/2 agurk
  • 4 selleristilkar
  • 4 blad av agurkurt (du veit, dei som får så fine himmelblå blomar)
  • 4 store kålblad (eg brukte blad av den milde, gode, fleirårige “Chou D’Aubenton”)
  • 1 stor grøn løkstilk (tru det eller ei, løk og kålblad brukte eg for å gjera juicen litt søtare og mildare med mindre dominerande smak av selleri og for å dempa limesyra)
  • 4 dl vatn til slutt for å skyla ut restane i juicaren og tynna ut drikken
  • 5 dl heimelaga kombucha av grøn te (kan minna om eplejuice på smak og gjera juicen sprudlande og tilfører ekstra probiotika. Er også gode bakteriar på ferske og usprøyta grønsaker).

Framgangsmåte:

  1. Juice grønsakene og limen i juicemaskin (sentrifugejuicar), ikkje i blendar.
  2. Ha vatnet i juicaren til slutt.
  3. Ha juicen i ein karaffel og bland med kombucha.

Åj, åj,åj, var nett dette eg trong i dag. Hadde eg vore amerikansk, hadde eg kalla denne juicen for  “Supergreen prebiotic detoxjuice”, og føyd til: “Awsome, just AWESOME! ”

Men eg er altså norsk og må koma meg ned på jorda, noko som er temmeleg vanskeleg etter å ha sett til livs 1 liter av denne.

PS: Har du aldri smaka grøn juice, tilset gjerne eit eple eller ei pære eller ein kvart ananas.

Vil du gjera juicen meir mettande, køyr han i blendaren med ein halv avocado.

“Enjoy! Have your best day ever!” (Sorry, den overstadige amerikanske stemmen overtok igjen…)

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: