13 tips for friske og fine tomatplanter

13 tips for friske og fine tomatplanter

Eg er så spent på koss tomatane vil sjå ut og smaka! Har jo bare sådd sortar eg aldri har prøvd før. Spennande! Plantene har aldri vore så friske og fine som i år, og blomane og karta er mange. Eg trur det er tretten grunnar til det:

1. Eg planta dei i heimelaga kompostjord. Tilsette litt skjellsand. (Tidlegare år har eg brukt kjøpejord).

2. Jorda dekka eg med lauv og plenklypp for at mikrolivet og meitemarkane i jorda skulle få mat og for å forhindra fordamping og dekka dei øvste planterøtene.

3. Dei står i store kassar, bare ein plante i kvar kasse, slik at røtene får god plass og det blir god luftsirkulasjon mellom plantene. (I fjor planta eg to i nokre av kassane).

4. Eg har lufta godt kvar dag, også på våte og kjølege dagar og dei fleste nettene.  På dagar med sol og varme, er det ikkje nok at luftelukene og eit vindu går opp automatisk. Som regel let eg døra stå på gap i tillegg. Om nettene då taklukene har lukka seg, let eg vanlegvis eit vindu stå på gløtt.

5. Eg har passa på at temperaturen ikkje blir høgare enn 25, helst lågare. Blir det for varmt, blir færre blomar til kart.

6. Eg har masse blomar utføre  drivhuset pluss pelargoniar i drivhuset, dermed er der alltid bier og humler som surrar der inne.

7. Eg sjekkar plantene kvar dag, og knip vekk “tjuvar” – skot som veks ut mellom stammen og ei grein.

8. Og i dag skal eg klyppa vekk dei nederste blada. Som du ser, skugger ein del av dei for karta. Det held eg fram med etter kvart som plantene veks.

9. Blad og tjuvar eg fjernar frå plantene, klypper eg opp og stappar under toppdekket. Det hender også dei får litt eggeskal, bananskal og kaffigrut. Meir mat til mikrolivet, meitemarkane og dermed også næring til plantene.

10. Eg vatnar jamnleg, slik at jorda ikkje blir dassvåt eller turkar ut. Sjølvanningskassane viser når nivået er på minimum. Eg vatnar rett før, og fyller opp til “optimalt”.  Skal det vera sol og varmt nokre dagar, fyller til “maksimum”.

11. Eg vatnar om morgonen/føremiddagen, ikkje om kvelden. Dette er særleg viktig når det er kjøleg eller når det regnar. Eg vil ikkje det skal bli for fuktig luft i drivhuset, då får plantene lett gråskimmel.

12. Gjødsel: Ein kork flytande, organisk gjødsel “Biobact for tomater” i kvar 10-liters vannekanne.

13.  Eg snakkar med dei. Du veit; “God morgon, koss går det, har du det bra?” “Kva treng du i dag, Sputnik?” osv. Nabojenta Nora (4) pleier også å klappa dei varsamt. Kjærleik og kos må dei jo få. Eg trur jammen det er det aller viktigaste!

Nora (4) er flink til å sopa drivhusgolvet og sørgjer for at tomatane får litt kos og klapp.

Men det kan jo også vera at eg har vald gode sortar:)

Vil du sjå koss dei ser ut nå?

“Bundeswice” er tomaten på det øvste biletet. Her er dei 12 andre:

Bifftomaten “Sputnik”.
Bifftomat “Amazone Chocolate”.
Bifftomat “Blue Beauty”.
Plommetomat “Black Plum”.
Plommetomat “Mango”.
“Reverend Michael Keys”.
Kirsebærtomat “Barrys Crazy Cherry”. Trudde eg lenge. Men viste seg å vera “Sungold”, sjå nederst i blogginnlegget:)
Kirsebærtomat “Sweetberry Cherry”.
Pottetomat “Vilma”.
“Tiny Tim”, litt blåsvart på blada- kanskje fordi han står ved ope vindu? Nokon som veit?
100’s and 1000’s – ikkje heilt i toppform, kanskje fordi han står ved utgangsdøra som eg ofte let stå open? Får klyppa vekk dei stygge blada og gje litt ekstra gjødsel…
“Whippersnapper”. Ikkje heilt nøgd med koss blada ser ut, men i alle fall full av blomar og bær. Nokre av dykk som veit kva denne planten har fått for mykje eller for lite av?

ETTERORD:

“Barrys crazy Cherry” er visst “Sungold”….

Etter at eg publiserte dette innlegget fekk eg denne meldinga av @camillascountryliving verkeleg kan dette med tomatar. Ho dyrkar mange sortar. Fleire av frøa eg sådde i år, er frå henne.

“Din Barrys Crazy cherry ser mer ut som en Sungold !
Barrys crazy cherry er en blek gul multiflora tomat med gigantiske klaser sånn som Reverend Michael Keyes”.

Ho har nok rett ja. Planten ser veldig lik ut “Sungold” som har vore min favoritttomat i alle år. Han er i alle fall ikkje lik det biletet ho sende med av Barrys crazy cherry”!

Har nok skjedd forveksling av frø eller rot med merkinga, her ja!

LES OGSÅ:

ALLE MINE TOMATPLANTAR

ÅJ, ÅJ, EG HAR SÅDD 16 SORTAR TOMATAR

GULLMEDALJE TIL TOMAT “SUNGOLD”

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: